Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk forskarnettverk

 (06.12.2004)

– Mange har lenge venta på ein møteplass for forskarar som driv med nynorsk, seier Stephen Walton (biletet).
Han har, som tilsett på Ivar Aasen-instituttet i Volda, teke initiativ til Forskarnettverk i nynorsk skriftkultur. Nettverket vart skipa på eit seminar
i Oslo fredag 3. desember.
– Dette skal vere ein møteplass der vi kan møtast som forskarar, seier han. Det er mange som er letta over å kunne lage ein fagleg fellesskap der ein ikkje treng å forsvare at nynorsken finst. For dei flest av oss er det eit uinteressant spørsmål.
På dette fyrste møtet ynskte vi å lodde stemninga og sjå om nokon i det heile ville kome.
– Responsen var framifrå, det kom heile 50 interesserte og stemninga var utruleg god, fortel Walton.
Walton seier dei tidleg tok kontakt med Norsk ordbok som ynskte å kome i nettverk for å alliere seg med dei. På fyrste møtet var fokuset på nynorsk som skulemål, det var difor heller ikkje tilfeldig at møtet vart lagt til Oslo. Fagmiljøa i Oslo treng òg etterutdanning og betre nynorskkompetanse. Walton fortel at dei har planar om møte annankvar gong i Oslo.
– Neste møte vonar vi kan vere under opninga av kompetansesenteret for nynorsk i skulen i Volda til våren.
Kor ofte møta skal vere eller kva dei skal handle om er ikkje fastlagt.
– Kanskje vert det møte ein gong i semesteret, eller ein gong i året. Av tema er alt som er relevant for nynorsk skriftkultur relevant. Vi kan ha forfattarseminar eller seminar om minoritetsspråk. Me ynskjer ikkje strukturar, seier Walton. Dette nettverket skal ikkje vere nokon maktbase, men eit tvangsfritt forskarfellesskap. Den dagen ingen ynskjer å kome på møta, legg vi ned, avsluttar han.

På møtet i Oslo 3. desember var desse innleiingane Britt Mæhlum: «Nynorsk – i tradisjonens varetekt», Frøydis Hertzberg: «Nynorsk som emne for
skoleforskning – noen ideer», Endre Brunstad: «Hipphopp, dialektar og
nynorsk», Benthe Kolberg Jansson: «Nynorsk som sidemål i lærebøkene», Anne
Steinsvik Nordal: «Sidemålsprosjektet i Bærum»

Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no