Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Slå saman utdanning og kultur

 (24.11.2004)

Pressemelding 24.11.04. - Utdanningspolitikken vert førd utan kulturpolitiske og språkpolitiske retningsliner, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. Han går inn for å slå saman Kulturdepartementet og Utdanningsdepartementet. - På den måten kan det verte vanskelegare for Kristin Clemet å føre ein så nynorskfiendtleg utdanningspolitikk. Samanslåingstanken er aktualisert av at Utdanningsdepartementet vil kutte løyvingane til pensumlitteratur i norsk til høgare utdanning.

- Eit slikt kutt vil vere dramatisk for norsk språk allment, men særleg for nynorsken. Løyvinga til alle bøker er totalt berre på 7,5 millionar, men har mykje å seie, særleg for nynorsken. Det Norske Samlaget har varsla at det truleg vil leggje ned høgskuleavdelinga dersom løyvinga forsvinn under handsaminga av statsbudsjettet. - Resultatet er at engelsk eller bokmål vert einerådande i fleire fag.

Endre Brunstad viser til at regjeringa gjennom Kulturmeldinga har gått inn for ei systematisk styrking av nynorsken og norsk språk allment fram til 2013. - Men kulturpolitikken er lite verd når utdanningssektoren dreg i ei anna retning. Vi såg det i sidemålsstriden, og vi ser det igjen i striden om lærebokstøtte.

Brunstad peikar på at det i planane for nye Norsk språkråd er lagt vekt på å styrkje statusen til norsk språk i høgare utdanning, for å unngå domenetap til engelsk. – Slike planar er lite verd når utdanningspolitikken er frikopla frå språkpolitikken.

- No må dei kulturpolitiske retningslinene òg verte gjeldande for utdanningssektoren. Det er viktig for norsk språk, og særleg for nynorsken, seier mållagsleiaren.

Endre Brunstad meiner at tida er inne for strukturelle endringar: - Slå saman Utdanningsdepartementet og Kulturdepartementet. Ein er i ferd med å gjere det i Sverige, etter at Leif Pagrotsky vart felles minister. Likeins bør ein gjere visse endringar på Stortinget med å slå kulturdelen av barne-, familie- og kulturkomiteen saman med utdanningskomiteen.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175 eller dagleg leiar Gro Morken Endresen telefon 957 85 560

For bilete:
Endre Brunstad: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg
Gro Morken Endresen: http://www.nm.no//filer/gro%2Ejpg

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no