Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dramatisk for nynorsk pensumlitteratur

 (24.11.2004)

24.11.2004. I framlegget til statsbudsjett føreslår regjeringa å avvikle tilskotsordninga for utgjeving av lærebøker på norsk i høgare utdanning. Eit slikt kutt er dramatisk for tilgangen til pensumlitteratur på nynorsk ved høgskular og universitet.
Ordninga vart oppretta på 80-talet, og skulle då først og fremst gå til ex-phil-bøker på nynorsk, seinare endra dette seg til lærebøker generelt på norsk. Så vart postane slegne saman. I 2003 og 2004 har om lag 15 % av tildelingane frå lærebokutvalet gått til nynorske lærebøker. Løyvinga vert i dag forvalta av Universitets- og høgskolerådet (UHR). Løyvinga er i hovudsak sett av til produksjonsstøtte til forlag og skal gå til lærebøker som dekkjer eit mangelområde innan høgare utdanning, lågopplagsbøker og basisutgåver på nynorsk og samisk. Midlane til utgjeving av samiske bøker vert førte vidare, men ikkje midlane til utgjeving av nynorskbøker.
I eit intervju med Kulturnytt på NRK seier statssekretær i Utdannings- og forskingsdepartementet, Bjørn Haugstad, at kuttet i lærebokstøtta er uvesentleg. Dette er forlagssjef i Det Norske Samlaget Audun Heskestad usamd i.
– Eit slikt kutt er dramatisk for tilgangen til nynorsk pensumlitteratur i høgare utdanning. Med slike kutt vil berre utgjevingar i store fag kunne forsvarast økonomisk. Slik vil ei rad med fag misse tilgangen til fagterminologi på nynorsk.
Statssekretær Henriksen seier til Kulturnytt at dei har ei evaluering av ordninga som oppsummerer at ho knapt kan seiast å ha nokon effekt på marknaden for lærebøker.
– Eg kan ikkje sjå at det er noko i den rapporten som tilseier ein slik konklusjon, seier nestleiar i lærebokutvalet til UHR Kristin Eliassen. Konklusjonen er heller ikkje trekt i sjølve rapporten. Vi er overraska over framlegget i statsbudsjettet. Vi oppfatta evalueringa som ei kvantitativ skildring av utvalet si historie og som lite vurderande.
Eliassen meiner utvalet klart fungerer etter intensjonane. På årsbasis har utvalet støtta meir enn 100 utgjevingar. Dette utgjer 34 % av nye lærebøker for den samla universitets- og høgskolesektoren i Noreg. Ho trur fjerninga av midlane vil føre til færre nye norske lærebøker. Dette meiner ho er uheldig med tanke på kor viktig det er med norsk fagterminologi og fagbøker tilpassa norske forhold. Desse bøkene vil verte erstatta av utanlandske bøker, meiner ho.






Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no