Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Merknad til KUF-komiteen om statsbudsjettet

 (05.11.2004)

Melding frå Noregs Mållag. 5.11.04. Noregs Mållag er uroa over korleis regjeringa i framlegget til statsbudsjett handsamar nynorsken som opplæringsmål. Mållaget viser i ein høyringsmerknad til at regjeringa ikkje fylgjer opp stortingsvedtak. Noregs Mållag kjem med framlegg til endringar av statsbudsjettet når det gjeld læremiddel, fagbøker, administrativ programvare, nasjonale prøver og
kompetansesenter for nynorsk i opplæringa.

Til
Utdannings- og forskingskomiteen
Stortinget
0026 OSLO

Noregs Mållag viser til at Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen har opna for ein skriftleg høyringsrunde i samband med framlegget til statsbudsjett. Våre merknader gjeld desse emna:

- læremiddel på nynorsk
- fagbøker på nynorsk
- administrativ programvare på nynorsk
- nasjonale prøver både i hovudmål og sidemål
- kompetansesenter for nynorsk i opplæringa

1. Læremiddel på nynorsk
Parallellutgåver av lærebøker for vidaregåande skule skal liggje føre i alle fag med 300 – 5000 elevar på landsbasis. Dei siste åra har alle læremiddelløyvingane vore slegne saman til ein sekkepost, under kapittel 220, post 70. Det har vore vanskeleg å få fram informasjon om kva som er løyvd til parallellutgåver, og det har heller ikkje vore lyst ut midlar på det nivået som er naudsynt for å få produsert mange nok parallellutgåvetitlar.

Vi minner om at Stortinget 17. juni 2004 slutta seg til innstillinga frå fleirtalet i KUF-komiteen som galdt læremiddel både på nynorsk og bokmål:
"Flertallet vil dessuten framheve de behov elever med nynorsk som hovedmål, har. Det er viktig at det blir iverksatt tiltak som sikrer at disse elevene har samme tilgang til læremidler som de elevene som har bokmål som hovedmål. Flertallet mener at det er en forutsetning for kravet om at parallellutgaver skal være tilgjengelig til samme tid og pris som hovedutgaven at det blir et forutsigbart system for støtte til parallellutgaver."

Framlegg til komitemerknad: "Komiteen viser til prinsippet om at lærebøker skal liggje føre til same tid og stad både på nynorsk og bokmål. Dette prinsippet vart sist stadfesta i Stortinget gjennom handsaminga av "Kultur for læring". For å få eit påliteleg system for støtte til parallellutgåver, slik Stortinget har gjort vedtak om, bed komiteen om at summen til nynorske parallellutgåver vert spesifisert på statsbudsjettet."

2. Fagbøker på nynorsk
Noregs Mållag reagerer med sterk uro over at det i framlegget til statsbudsjett er føreslege å avvikle tilskotsordninga for utgiving av lærebøker på norsk til høgare utdanning. Løyvingane på dette området er i hovudsak sett av til produksjonsstøtte til forlag og skal gå til lærebøker som dekkjer eit mangelområde innan høgre utdanning, lågopplagsbøker og basisutgåver på nynorsk og samisk. I framlegget til statsbudsjett er det berre midlane til samiske bøker som vert førde vidare - ikkje midlane til utgjeving av nynorskbøker. Ei fjerninga av denne løyvinga vil verte dramatisk for tilgangen til lærebøker på nynorsk i høgare utdanning.

Noregs Mållag vil vise til at det i mandatet for ei utgreiing om Norsk språkråd vert peikt på faren for at norsk språk tapar domene overfor engelsk i høgare utdanning. Ut frå dei vurderingane som Norsk språkråd og dei andre nordiske språknemndene gjer, gjennom sine utgreiingar, trengst dei no ei styrking av det nasjonale fagspråket på høgare utdanning, og absolutt ikkje ei svekking. Noregs Mållag vil vidare peike på at Kulturmeldinga, som Stortinget har vedteke, føreslår ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur i perioden fram til 2013. Bortfall av produkssjonsstøtta til nynorske lærebøker vil stå i sterk kontrast til eit slikt mål."

Framlegg til komitemerknad: ”Komiteen meiner at det er viktig å stø utviklinga av norsk språk på alle område i samfunnet. Difor går komiteen inn for å oppretthalde stønaden til fagbøker på norsk i høgare utdanning. Komiteen vil særleg peike på kor viktig det er med støtte til fagbøker på nynorsk.”

3. Administrativ programvare på nynorsk
Det er i framlegget til statsbudsjett ikkje spesifisert midlar til nynorskversjonar av administrativ programvare. Vi minner om at Stortinget 17. juni 2004 oppheva det gamle unntaket i opplæringslova som galdt administrativ programvare; frå no av skal òg denne finnast både på nynorsk og bokmål:

"Flertallet forutsetter at det blir stilt krav om at administrativ programvare (tekstbehandler, regneark, nettlesere m.m.) som blir brukt i skolen, skal finnes både i en nynorsk versjon og på bokmål."

Jamvel om retten til administrativ programvare på sikt ikkje vil vere kostnadskrevjande for staten, av di retten vil verte tilfredsstilt gjennom statlege krav overfor dataleverandørar, er det heilt naudsynt å oppjustere den eksisterande administrative programvara som finst i skulesektoren.

Framlegg til komitemerknad: ”Komiteen viser til dei mange utfordringane som elevar med nynorsk hovudmål har og bed om at det vert laga ein plan for systematiske løyvingar over ein treårsperiode som gjer skulane i stand til å ta i bruk nynorsk programvare. Slike løyvingar må omfatte både utskifting av maskinpark og programvare på nynorsk.

4. Midlar til nasjonale prøver både i hovudmål og sidemål
Stortinget vedtok 17. juni at det skal vere nasjonale prøver i lesing og skriving både på hovudmål og sidemål. I innstillinga frå komiteen, som Stortinget slutta seg til, heiter det:

"Nasjonale prøver må inneholde oppgaver i begge målformer. Omfanget av lesing og skriving i de to målformene i de nasjonale prøvene fastsettes etter nærmere vurdering og i samråd med de aktuelle fagmiljøene."

Dette vedtaket var ein viktig premiss for sidemålsforliket. Såleis er det urovekkjande å lese at ein i framlegget til statsbudsjett ikkje legg opp til å gi midlar til nasjonale prøver i sidemål:

"Frå våren 2005 vil det bli gjennomført nasjonale prøver i lesing, skriving, engelsk og matematikk for fjerde, sjuande og tiande klassetrinn i grunnskolen og grunnkurs i vidaregåande opplæring. I engelsk er prøven delt i to med ein skrivedel (elektroniske svar) og ein lesedel. Det skal ikkje vere ein nasjonal prøve i norskfaget, men ein prøve i grunnleggjande dugleik i lesing og skriving på eleven sitt hovudmål, bokmål eller nynorsk."

Framlegg til komitemerknad: "Komiteen viser til at Stortinget har vedteke at det skal vere nasjonale prøver i skriving og lesing både på hovudmål og sidemål. Det skal i budsjettperioden setjast av midlar til dette."

5. Kompetansesenter for nynorsk i opplæringa
17. juni slutta Stortinget seg til framlegget frå regjeringa om å opprette eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, knytt til Ivar Aasen-instituttet i Volda. Kontakt med departementet tyder på at senteret kan kome i gang raskt. Den langsiktige finaniseringsordninga verkar derimot uklår. Noregs Mållag vil kome med framlegg om at stortingskomiteen presiserer at senteret skal ha ei fast årleg løyving som går direkte til senteret, og ikkje via eit direktorat.

Framlegg til komitemerknad: "Komiteen viser til vedtaket om å opprette nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Komiteen føreset at finansieringa av senteret skal skje gjennom direkte løyvingar til senteret gjennom statsbudsjettet."

For Noregs Mållag
venleg helsing

Endre Brunstad
leiar

Gro Morken Endresen
dagleg leiar




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no