Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

«Syng sjøl»

 (25.10.2004)

Gode, gamle klassikarar, og nyare songar som bør bli klassikarar finn du i Meland Mållag si songbok «Syng sjøl». Her er skjemt og alvor, og songar for både leik og høgtid. Det er Meland Mållag som har laga boka og det er Selja forlag som er utgjevar.

- Eg var for nokre år sidan på eit lærarkurs ved Bergen, i tjukkaste nynorsk-Noreg, der ei gruppe barnehageborn skulle framføre songar. Det var på bokmål, engelsk, ja til og med swahili, men ingenting på nynorsk. Det var då eg fann ut at dette måtte vi gjere noko med, seier redaktør for boka, Geirmund Johnsen. Han har sjølv omsett mange av songane i boka til nynorsk.

Boka innheld 112 songar med notar og fargerike illustrasjonar teikna av barnehageborn. Boka passar nest for born til og med småskulealder. Den har spiralrygg og er såleis svært praktisk i bruk.

Trettifem songar frå boka er spelt inn på CD.

Pris:
Bok kr. 250,-
CD kr. 98,-
Ved kjøp av minimum 10 CD/bøker: kr. 298,-

Frakt kjem i tillegg.

Du kan tinge boka ved å sende e-post til: <a href="mailto:marie.morken@ub.uib.no">marie.morken@ub.uib.no</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no