Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Nynorsken må inn i statsstøtta aviser

 (12.10.2004)

Pressemalding 14.10.04. - Det er no på tide at det vert stilt språkkrav til momsfritaket for aviser, seier leiar i Noregs Mållag Endre Brunstad. - Det redaksjonelle nynorskforbodet i riks- og regionavisene er i strid med føremålet med pressestøtta, nemleg å styrkje ytringsfridomen og å gi rom for mangfald. - Gjennom handsaminga av statsbudsjettet bør denne uretten kunne rettast opp.
Den indirekte pressestøtta i form av momsfritak utgjer 82 prosent av den samla pressestøtta, og er noko som kjem dei største avisene til gode. VG,
Aftenposten og Dagbladet endar opp med om lag 40 prosent av den totale pressestøtta. - Om lag halvparten av pressestøtta går soleis til aviser med
nynorskforbod, seier Brunstad. - I ytringsfridomens namn er dette uhaldbart.

- Noregs Mållag krev at riks-og regionaviser med eit opplag på over tjue tusen skal ha minst fem prosent eigenprodusert stoff på nynorsk for å få fullt
momsfritak. - For lokaviser og særlege meiningsaviser vil der gjelde eigne reglar.


Brunstad viser til at det vert stilt språkkrav til pressestøtta i utlandet, mellom anna i Catalonia i Spania.


For meir informasjon, kontakt leiar Endre Brunstad, tlf. 926 60 175


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no