Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Regjeringa vil likevel ikkje styrkje nynorsken

 (06.10.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 6.10.04. - Regjeringa går frå eigne lovnader i framlegget til statsbudsjett, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. - Gjennom kulturmeldinga har regjeringa gått inn for ei systematisk styrking av nynorsken fram til 2013. Statsbudsjettet gjer derimot slike gode intensjonar til skamme. Det vert heller ikkje konkretisert tiltak for å styrkje opplæringa i nynorsk, slik Stortinget gjekk inn for i juni i år.

- Nynorsken er i dag utsett for harde åtak, seier leiar Endre Brunstad. - Noregs Mållag står i fronten for å formidle informasjon, utøve press og drive haldningsarbeid. Mållaget er ein viktig samarbeidspartnar for staten i arbeidet for norsk språk, og gjer arbeid som staten burde ha gjort. Arbeidsoppgåvene har auka den siste tida, og Mållaget har mange tiltak med barne- og ungdomsarbeid, 100-årsjubileet for Mållaget i 2006 og sidemålsprosjekt. I statsbudsjettet vert det lagt opp til at Noregs Mållag får løyving på same nivået som i fjor. – Det er ikkje godt nok, fastslår mållagsleiaren.

Med unntak av ein heilt naudsynt auke på 1,8 million kroner til Norsk Ordbok, ser det ikkje ut til å vere noka reell styrking av nynorsktiltak i framlegget til statsbudsjett.

Det er direkte overraskande at det heller ikkje i år er sett av midlar til eit nynorsk leksikon på Internett. – Dette vitnar om intensjonsbrot i høve til Kulturmeldinga.

Det er vidare eit brot med jamstellingsprisnippet at det også i år er lagt opp til at Det Norske Teatret skal få mindre løyvingar enn Nationaltheatret.

Då Stortinget handsama framlegget til ny opplæringslov i juni i 2004, var det semje om å styrkje opplæringa i nynorsk både som hovudmål og sidemål. Likevel har ein ikkje sett av midlar til det, heller ikkje til kompetansesenteret for nynorsk i skulen. - Statsbudsjettet underslår dessutan stortingsvedtaket om at det skal vere nasjonale prøver i skriving og lesing både i hovudmål og sidemål, seier Endre Brunstad.

Noregs Mållag vil i samarbeid med andre nynorskinstitusjonar arbeide for at det endelege budsjettet faktisk inneber ei reell styrking av nynorsken.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175, eller dagleg leiar Gro Morken Endresen, telefon 22 47 71 11.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no