Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kvifor tok Helse Bergen i bruk bokmål?

 (05.10.2004)

Synspunkt. 05.10.04. Informasjonsdirektøren ved Helse Bergen, Mona Høgli, meiner visstnok at det er for dyrt å ha nynorsk som tenestemål. Ho jamfører overgangen frå bokmål til nynorsk som å ”ta penger fra pasientene”. Problemet kan vendast på hovudet: Kvifor har Helse Bergen teke i bruk bokmål fyrst? spør leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. Han viser til at informasjonsdirektøren kjem med desinformasjon om kostnader.

Helse Bergen dekkjer eit helseområde med nitten nynorskkommunar og to nøytrale kommunar. Nynorsken er altså regionspråket. Det verkar i den samanhengen utruleg at Helse Bergen har valt å lage alle logoar og brevark med bokmålstekst. Trudde verkeleg leiinga at ein utan ein einaste bokmålskommune skulle ha bokmål som tenestemål?

Og kvifor framsteller Helse Bergen det som om nynorsk-vedtaket er ”nytt”? Alt 23. januar 2002 sende Kulturdepartementet eit brev til Helsedepartementet der ein presiserte at helseføretaka skulle fylgje Mållova. Alt då var det klårt at Helse Bergen braut Mållova; Noregs Mållag har fyldig dokumentasjon på det. Når så Kulturdepartementet kom med eit nytt brev om saka 18. mars 2004, var det fordi helseføretaka saboterte regelverket. Helse Bergen var ein av verstingane.

Helse Bergen kunne ha byrja nynorsk-overgangen med ganske enkle grep, t.d. med å få gjort om heimesidene sine til nynorsk, slik Helse Vest har gjort. Dette kostar lite av tid og pengar.

I staden bruker informasjonsdirektøren energi på å kome med regelrett desinformasjon, t.d. med udokumenterte påstandar om at ei omlegging av nynorsk vil koste 20-25 millionar i form av nye skilt på Haukeland universitetssjukehus. Hugs her på at dei fleste nemningar trass alt er felles på nynorsk og bokmål, t.d. "apotek", "informasjon", "Kvinneklinikken" og "Kirurgisk avdeling". I telefonkatalogen er det for Haukeland lista opp 69 avdelingar i feit skrift, og av desse er det berre ni som må skiftast ut. Elles er det slik at visse skilt treng vi ganske enkelt ikkje lenger, t.d. ”Røyking forbudt”. Det viktige er at hovudskilta vert skifta ut. Andre kan så ein skifte etter kvart.

Lat meg i den samanhengen minne om at Helse Bergen har eit årsbudsjett på nesten fem milliardar kroner, over tre år 15 milliardar. Kostnader knytte til ei språkomlegging vil utgjere promillar. Meir spesielt: Løns- og personalutgiftene i Helse Bergen er 3.25 milliardar per år. Kor store var så siste lønsopprykk, t.d. for informasjonsdirektøren og resten av leiinga? Og kor mange sengeplassar gjekk med då? Er det forresten nokon som har spurt om kva den siste omlegginga til ny grafisk design kosta? Og kvifor var det ingen som laga bråk om kostnadene då ein skifta namn frå ”sykehus” til ”universitetssykehus"? Det er visstnok berre når det er tale om nynorsk at det kostar noko!

Å bruke nynorsk er ingen heksekunst. Mykje dreier seg om haldningar, og haldningane til nynorsk har etter kvart vorte betre t.d. i Bergen by. Eg har såleis tru på at overgangen til nynorsk i Helse Bergen kan skje på ein smidig måte. Men då må leiinga ved helseføretaket slutte å leike populistiske språkpolitikarar.

Endre Brunstad
Leiar i Noregs Mållag




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no