Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sandnes-saka: Mållaget har søksmåls-rett

 (05.10.2004)

Melding. 4.10.04. Det vart siger for Sandnes Mållag 4. oktober. Då slo nemleg Gulating lagmannsrett fast at Mållaget har rett til å reise rettsleg søksmål i saka om blanding av nynorsk- og bokmålsklassar i Sandnes.

– 1-0 til Sandnes Mållag, seier leiar i Mållaget, Inge Kr. Sunde.  - Dette er ei viktig presisering som òg gjeld retten til å drive organisasjonsarbeid generelt, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. 

Bakgrunnen for saka er at Sandnes kommune slår saman nynorsk- og bokmålsgrupper ved tre skular i Sandnes. – Elevane ved Lura, Bogafjell og Ganddal skule i Sandnes vert på denne måten nekta retten til eiga språkgruppe, seier Inge Kr. Sunde. - På den måten bryt Sandnes kommune  opplæringslova.  

Sandnes Mållag brakte lovbrotet opp for Sandnes tingrett tidlegare i sommar. Men då gjorde tingretten eit oppsiktsvekkjande vedtak. I staden for å handsame spørsmålet om lovbrot, vart det sagt at Sandnes Mållag ikkje hadde rettsleg interesse i saka. - Retten avviste saka på eit merkeleg formalistisk grunnlag, seier Inge Kr. Sunde. I rettsboka frå tingretten heitte det at "vedtak om innretningen av undervisningen for den enkelte elev bare kan angripes av den eller de som er direkte berrørt av vedtaket".

Sandnes Mållag anka saka til Gulating lagmannsrett. - No har Gulating lagmannsrett konstatert at Sandnes Mållag som lokallag av Noregs Mållag heilt klårt har rettsleg interesse, fastslår leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.

- Lagmannsretten handsamar ikkje realitetane. Men gjennom vedtaket er det no prinsipielt mogleg for Mållaget å be retten om å gjere ei realitetshandsaming, seier Brunstad. 

Andre sider av saka, t.d. spørsmålet om dekning av sakskostnader, kjem fyrst opp i samband med ei mogleg realitetshandsaming.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175, eller leiar i Sandnes Mållag, Inge Kr. Sunde, telefon 412 90 039. 





Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no