Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny bokbransjeavtale

 (30.09.2004)

Melding 30.09.04. Berre offentlege reguleringar kan hindra at bokmål- og nynorskbøkene får ulik pris etter den nye bransjeavtalen.

Den nye bokbransjeavtalen opnar for fri pris på lærebøker, med ein klausul frå moderniseringsministeren og kulturministeren om at nynorsk og bokmålsbøker skal koste det same. Likevel er det grunn til å vere uroa. For lik pris treng ikkje alltid å tyde lik pris. Ein kan operera med "same pris" på to nivå. Det eine er at den kunden som vender seg til ein salskanal, skal få tilbod om nynorsk- og bokmålsbøker til same pris. For elevane i den vidaregåande skulen gjeld dette eleven som går inn i den lokale bokhandelen eller brukar ein nettbokhandel. Her må vi krevje at departementet syter for tiltak som gjer at same pris på dette nivået blir gjennomført.

Der det er størst grunn til å uroa seg, er likevel grunnskulane. Når kommunane kjøper inn lærebøker til grunnskulen, må dei ut på ein anbodsrunde. Dette er dei pliktig etter EØS-reglane. Om ein kommune ynskjer å kjøpe både bokmåls- og nynorskbøker må ein etter klausulen gå ut frå at dei må få tilbod om same pris frå bokhandel eller forlag. Den største faren ligg nok i kvantumsrabatten frisleppet av pris gjev rom for. Storkommunar i Oslo-området vil no sjølvsagt kunne få bokmålsbøkene billegare enn Sykkylven får nynorskbøkene. Dette reiser faktisk ei heilt ny problemstilling som var heilt uaktuell så lenge bransjeavtala sytte for same pris over heile landet: Er det eit brot på same pris-regelen dersom ei nynorskbok i distrikta kostar meir enn ei bokmålsbok i storbyane, eller er det fyrst når den same kunden får tilbod om nynorsk- og bokmålsbøker til ulik pris at same pris-regelen er broten? Det må vera sjølvsagt at det fyrste tilfellet òg er eit lovbrot. Berre offentlege reguleringar kan hindra at bokmål- og nynorskbøkene får ulik pris i denne situasjonen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no