Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Einar den store

 (27.09.2004)

Melding 27.09.04. Einar Førde (1943-2004) gjekk bort 26. september. Her kan du lesa minneord av Ottar Grepstad.

Einar den store


– No når Per Håland er gått under torva, må vi småtylane til pers. Om lag slik heidra Einar Førde pressemannen frå Høyanger som døydde hausten 1999. Men Einar Førde var ingen av desse småtylane. Han var noko av det beste som har skjedd med norsk politikk og arbeidet for nynorsk skriftkultur. Einar Førde var ein av desse visjonære praktikarane som aldri let ord og handling skilje lag. Som spaltist i Bergens Tidende dei siste åra leverte han jamvel det eine lærestykket etter det andre i kva god sakprosa på nynorsk er.
Einar Førde (1943–2004) levde i den spenninga som den språkdelte norske kulturen inneber. Frå det tospråklege Høyanger kom han til Oslo og blei nynorskbrukaren som representerte hovudstaden på Stortinget i tjue år 1969-89, medrekna fire år for Akershus. Der blei han ein del av Arbeidarpartiet, og der var han alt på kort tid blitt ein nøkkelfigur i nynorskmiljøa. Tjue år gamle Einar Førde dukka opp i Samlaget i 1963 og heldt kontakten med det forlagsmiljøet gjennom førti år.
Målpolitikaren frå vest vil for all tid vere knytt til nynorskbruken i NRK. I 1970 handsama Stortinget den viktige stortingsmeldinga om språksaka på grunnlag av innstillinga frå Vogtkomiteen mange år tidlegare. Då var Førde ein nøkkelfigur i arbeidet med det som blei den viktigaste kulturpolitiske merknaden frå eit stortingsfleirtal: At minst 25 % av ordsendingane frå NRK skal vere på nynorsk.
Mange år seinare møtte han seg sjølv i døra som kringkastingssjef i denne saka. Det er nok ikkje mogleg å lese nokon Førde-epoke ut av statistikken for nynorsk i NRK. Men mange andre samanhengar kan lesast ut av denne tida. Han var med god grunn stolt av at NRK i desse åra skipa ein eigen samisk fjernsynsredaksjon. Einar Førde utretta meir enn det for samane. Då Alta-saka spissa seg til i februar 1981 med sveltestreik utanfor Stortinget, tok ekspedisjonssjef Johs. Aanderaa i Kyrkje- og undervisningsdepartementet eit uvanleg initiativ. Med grønt lys frå statsråd Førde ringde han Tromsø Museum og peikte på at dei burde gjere krav på undersøkingar i anleggsområdet med heimel i kulturminnelova – som sorterte under Miljøverndepartementet. Dei så gjorde. Få dagar seinare vedtok regjeringa Brundtland at anleggsarbeidet skulle stoppast til arkeologar hadde undersøkt området, og samane stoppa sveltestreiken. Strategen frå vest hadde gitt regjeringa og andre partar i konfliktar den pustepausen dei trong. For Førde var ikkje engasjementet for språklege og kulturelle minoritetar av ny dato. Han hadde til dømes vore med og planlagt ein stor internasjonal konferanse om språklege minoritetar i Oslo i 1967.
Einar Førde var institusjonane sin mann og såg kor viktig det er at kulturinstitusjonar har handlingsrom og handlekraft. Det var han som signerte stortingsproposisjonen om nybygg for Det Norske Teatret, berre nokre veker før ein brann herja på Nationaltheatret. Og det var han som mante til samarbeid mellom institusjonane. Då han var kyrkje- og undervisningsminister tidleg på 1980-talet, sa han til forlagssjef Audun Heskestad i Det Norske Samlaget at viss ikkje målrørsla greier å samordne eigne krefter betre, er det fare på ferde. Utspelet kom aldri offentleg, men blei teke på alvor. I november 1983 og mars 1984 møttest nøkkelpersonar i alle nynorsktiltaka til drøftingar for å utvikle samarbeidstiltak for det som blei kalla nynorsk kulturspreiing. Handfaste resultat blei det først i Ivar Aasen-året 1996, og frå januar 1997 har sytten nynorske institusjonar, verksemder og organisasjonar drive eit målretta og ope samarbeid gjennom Nynorsk Forum.
På ein slik dag er vi alle sosialdemokratar, der vi står med bøygd nakke og heidrar Einar den store for det han gjorde og det han lærte oss, vel vitande om at resten må vi greie sjølve.


Ottar Grepstad,
direktør Nynorsk kultursentrum og sekretær Nynorsk Forum

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no