Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Clemets direktorat på ville vegar

 (08.09.2004)

Kommentar. 08.09.04. - Gjennom nynorsk-fritaket ved sju vidaregåande skular i Oslo er Utdanningsdirektoratet ikkje berre med på å undergrave den språklege jamstellingspolitikken i Noreg, skriv leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. - Direktoratet prøver seg og på politisk omkamp og undergrev tilliten til direktoratet som fagleg instans.

Utdanningsdirektoratet vart oppretta av statsråd Kristin Clemet i juni 2004. Direktoratet avløyste Læringssenteret. Som direktør vart økonomen Petter Skarheim tilsett av statsråden sjølv. Skarheim kom frå statsrådens eige departement.

Gjennom sidemålsfritaket i Oslo fører direktør Skarheim og Utdanningsdirektoratet ein politikk som er etter statsrådens hjarte. Statsråd Kristin Clemet har sjølv gjennom stortingsmeldinga "Kultur for læring" markert at ho vil redusere posisjonen til sidemålet dramatisk. Hennar primære ynskemål fekk ikkje medhald i Stortinget då ein 16. juni vedtok sidemålsforliket, eit forlik også Høgre var med på. Spørsmålet vert så om politikken til Utdanningsdirektoratet er i tråd med det Stortinget har vedteke og i tråd med dei gjeldande retningsliner for norsk utdanningspolitikk. Mykje tyder på at det ikkje er tilfellet.

Her kan det høve å poengtere ein del moment.

1. Fagmiljøa ser på Oslo-forsøket som uforsvarleg
På Noregs Mållag sine heimesider kan ein lese svara frå Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling ved Universitetet i Oslo og frå Avdeling for Lærarutdanning ved Høgskolen i Oslo: www.nm.no. Det heiter der at prosjektet ikkje svarar til elementære vitskaplege krav og at prosjektet er forskingsmessig uforsvarleg.

2. Søknaden og vedtaket har ikkje fagleg grunnlag
Oslo kommune har fått tre avslag frå fagmiljøa (Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo). Det er direkte oppsiktsvekkjande at Utdanningsdirektoratet så godkjenner ein søknad som er fagleg underkjent og som ikkje har nokon fagansvarlege. På den måten er det ingen tvil om at vedtaket i Utdanningsdirektoratet er politisk og ikkje fagleg.

3. Vedtaket står i strid med reglar for forsøk i skuleverket
Direktoratet ser vekk frå det statsråd Kristin Clemet sa under stortingsdebatten om sidemål 21. oktober 2003: «- Man kan altså ikke bare få unntak fra noe man synes er overflødig, men man kan få lov til å gjøre forsøk med noe for å se om man kan få til en bedre utvikling i faget.»
Eit fritak frå sidemål kan ikkje seiast å tilfredsstille ei slik retningsline. Som Laila Fossum i Læringssenteret sa til Dagsavisen 16.april "Hensikten med å ha et forsøk må være at man skal styrke undervisningen, slik at elevene blir bedre i stand til å nå målene i læreplanen, seier. Gjennom fritak når ein sjølvsagt ikkje måla i læreplanen.

Det heitest òg at "Elever som omfattes av et eventuelt forsøk må ikke stille svakere enn andre elever ved opptak til høyere studier." Mangel på sidemålsopplæring kan ikkje gi studiekompetanse, og dermed vert elevane skadelidande. Det kan verke som om Utdanningsdirektoratet tolkar det slik at litteraturlesing, dialektlære og språkhistorie skal vege opp for manglande sidemålsoppløring. Samtidig seier direktøren i pressemelding at elevane nok må take tilleggskurs for å få arbeid i nynorskkommunar. Det har altså konsekvensar for elevane.

Det heiter i retningslinene at "nasjonale hensyn" skal vege tungt ved forsøk. I Dagsavisen 16. april 2004 seier Laila Fossum at ein då òg vil måtte vurdere nynorskens posisjon som jamstel skriftmål,. Det er klårt at det som Utdanningsdirektoratet har gjort, vil kunne vere med på å svekkje statusen til nynorsk.

4. Vedtak i strid med det Stortinget har vedteke
I Stortingsvedtaket 16. juni om "kultur for læring" heiter det at

a. obligatorisk skriftleg sidemålsunderv skal halde fram

b. at opplæringa skal verte betre (underforstått ikkje forsvinne=

c. at det skal opprettast eit nasjonalt kompetansesenter i nynorskopplæring, og det skal leie og koordinere arbeidet for å utvikle fagets innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer.

d. vi har to sidestilte skriftspråk i Noreg: "Dette flertallet vil peke på at vi har to sidestilte skriftspråk i Norge. Kjennskap til og bruk av begge skriftformene beriker vårt norske språk."

e. Der skal vere vurdering i sidemålet "opplæringen i sidemål skal være gjenstand for vurdering på vanlig måte, på lik linje med andre skolefag"

f. Stortinget avviste framlegg frå FrP om å gjere sidemålsopplæringa "muntlig"
Framlegget frå Framstegspartiet i Stortinget om at « Stortinget ber Regjeringen gjennomføre nødvendige tiltak slik at obligatorisk opplæring i skriftlig sidemål utgår og muntlig sidemålsundervisning videreføres som en integrert del av norskundervisning i hovedmål. » vart nedstemt av Stortinget.

Vedtaket til Utdanningsdirektoratet kan såleis vanskeleg tolkast på annan måte enn at det står i motstrid til stortingsvedtaket 16. juni. Det er alvorleg.

5. Vedtaket er dessutan utdatert i høve til skuleutviklinga. Ut frå stortingsvedtaket 16. juni har Utdanningsdirektoratet gitt klarsignal for ei ordning som føreset ein læreplan og ei vurderingsordning som skal avskaffast. Stortinget har m.a. vedteke at det skal vere nasjonale prøver i sidemål; det føreset i sin tur ei anna type sidemålsopplæring enn den vi har i dag. Det er mildt sagt oppsiktvekkjande at eit statleg organ er så totalt fagleg og politisk utdatert som Utdanningsdirektoratet er i denne saka.

Noregs Mållag reagerer såleis sterkt på det vedtaket Utdanningsdirektoratet har gjort. Vedtaket er med på å undergrave den språklege jamstellingspolitikken i Noreg, og kan vanskeleg tolkast som anna enn ei politisk markering – utført på ein nokså håplaus måte.

Endre Brunstad
Leiar i Noregs Mållag






Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no