Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Uforsvarleg nynorsk-fritak i Oslo!

 (06.09.2004)

Pressemelding 06.09.04. Noregs Mållag ristar på hovudet over nynorsk-fritaket som Utdanningsdirektoratet har gjeve til sju vidaregåande skular i Oslo. – Utdanningsdirektoratet sår tvil om det faglege grunnlag sitt når det no strør sand på fritakssøknaden frå Oslo, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.
- Utdanningsminister Kristin Clemet sa i Stortinget i 2003 at skular ikkje kan få unntak frå noko ein synest er overflødig, men ein kan gjere forsøk for å få til betre utvikling i faget. Fritak frå sidemålsopplæring står i motstrid til desse retningslinene, fastslår Endre Brunstad. - Ein får ganske enkelt mindre kunnskap i norsk av å ikkje lære båe dei to norske skriftspråka.

Brunstad meiner at det nyoppretta Utdanningsdirektoratet vanskeleg kan ha fått med seg at det no er på gang fagleg baserte sidemålsforsøk, slik vi har sett det ved Holmlia skole. Det er òg påfallande at direktoratet ikkje har teke omsyn til at det i 2005 skal opprettast eit kompetansesenter for nynorskopplæring. – Kvifor har Utdanningsdirektoratet slikt hastverk? spør Brunstad.

Noregs Mållag tykkjer det er synd at Utdanningsdirektoratet gjennom sidemålsfritaket markerer seg på ein så negativ måte. – Det er læringspolitisk og kulturpolitisk alvorleg å gå inn for eit fritak frå eitt av dei to skriftspråka våre. Det utgjer eit trugsmål mot jamstellinga mellom nynorsk og bokmål og den verdien båe skriftspråka representerer, seier Endre Brunstad.

Noregs Mållag stiller seg derimot positiv til forsøk som har som mål å styrkje sidemålsopplæringa, og har sjølv teke initiativ til fleire slike forsøk, t.d. ved Holmlia skole i Oslo. No ser Endre Brunstad fram til resultat frå resultat frå dei forsøka som no vert sett i gang mellom anna ved Høgskulen i Volda. – I så måte vil vedtaket i Utdanningsdirektoratet framstå som ein pinleg parentes i norsk utdanningshistorie.

For meir informasjon:
Endre Brunstad (leiar) 926 60 175 eller Gro Morken Endresen (dagleg leiar) 957 85 560

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no