Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sandnes namsrett tok ikkje stilling til lovbrot i Sandnes kommune

 (13.08.2004)

Melding. 13.08.2004. Sandnes namsrett kom 6. august med eit oppsiktsvekkjande vedtak. Retten meinte at Sandnes Mållag ikkje hadde rettsleg interesse i spørsmålet om blanding av nynorsk- og bokmålsklassar i Sandnes. Dermed handsama ikkje retten realitetane i saka, nemleg at Sandnes kommune bryt opplæringslova. Det ser såleis ut til at elevane ved Lura, Bogafjell og Ganddal skule i Sandnes vert nekta rett til språkdelte klassar i fleire fag i haust. Sandnes Mållag og Noregs Mållag vurderer den vidare framdrifta i saka.
Sandnes Mållag hevda i namsretten at Sandnes kommune ikkje kunne setje i verk vedtak om å blanda ulike språkgrupper i fag som i nemneverdig grad inneheld teoretiske delar, skriftleg arbeid og lesing, før det var rettsleg fastslege at det var heimel for ei slik språkblanding.

Sandnes namsrett gjorde på si side eit reint formalistisk vedtak: Saka vert avvist på grunn av Sandnes Mållag i fylgje namsretten mangla rettsleg interesse.

I rettsboka heiter det at "vedtak om innretningen av undervisningen for den enkelte elev bare kan angripes av den eller de som er direkte berrørt av vedtaket". Ei slik avvising er særs overraskande. Vi har nemleg rettspraksis som går i motsett lei. Det kom fram då Noregs Mållag gjekk til namsretten for å stogge bruk av ulovlege lærebøker i Aust-Agder sommaren 1994. Namsretten uttala då at Noregs Mållag hadde rettsleg interesse i saka. Vi har òg tilsvarande praksis i miljøsaker. Høgsterett har nemleg slege fast at Naturvernforbundet har rett til å reise søksmål i miljøsaker. Såleis har avvisinga frå Sandnes namsrett prinsipiell interesse som gjeld rolla til interesseorganisasjonar.

Det er vidare lagt feil faktum til grunn i rettsavgjerda frå Sandnes namsrett, av di det er sagt at foreldre ikkje har klaga. For det fyrste har det kome klager. For det andre vart det under rettshandsaminga sagt at foreldra ikkje hadde klagerett i slike saker.

No vert altså nynorskelevane ved Lura, Bogafjell og Ganddal skule råka av sparepolitikken til Sandnes kommune.

Det er viktig å streke under at den blandinga Sandnes kommune gjer, er i strid med Opplæringslova (jf. Opplæringslova § 8-2 og prinsippet om rett til språkdelte grupper i § 2-5). Det går fram heilt klart av § 2-5 fjerde ledd at når

”minst 10 elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å høyre til ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa.”

Det er etter denne ordlyden ikkje tvil om at det er meint å gje elevane ein lovfesta rett til å høyre til eigne elevgrupper for sitt hovudmål. Retten gjeld når klassetrinnet har fleire enn 10 elevar, og den gjeld så lenge det er minst 6 elevar att. Dette er ein lovfesta rett som kommunen og skulane ikkje skjønnsmessig kan ta frå elevane. Det er heller ikkje opp til å kommunen å avgjere om det er viktig eller ikkje med språkdelte grupper. Retten etter § 2-5 kan såleis ikkje setjast til sides i medhald av den praktiske regelen i § 8-2 om gruppeinndeling. Retten etter § 2-5 er ein absolutt rett som må vere oppfylt også for den gruppeinndeling skulen foretek etter § 8-2.

Denne saka er av prinsipiell interesse for heile målrørsla, og Sandnes Mållag og Noregs Mållag vurderer såleis den vidare framgangsmåten.

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no