Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sandnes Mållag til sak mot Sandnes kommune

 (23.06.2004)

Melding. 23.06.04. Sandnes kommune handlar i strid med opplæringslova når kommunen vil lata grunnskulane i kommunen blanda klassar eller grupper med ulike målformer. Difor går no Sandnes Mållag til sak mot Sandnes kommune. Leiar i Sandnes Mållag, Inge Kristian Sunde, fastslår i intervju med NRK at den gruppeblandinga kommunen legg opp til, fører til at elevane ikkje får sin lovfesta rett til språkgruppe.

For å hindra at ulovleg politikk vert sett i verk, fører no Sandnes Mållag saka inn for namsretten. Mållaget bed retten om førebels avgjerd: Sandnes kommune sine vedtak om at grunnskular i kommunen kan blanda elevgrupper med ulike målformer i andre enn praktisk-estetiske fag, skal ikkje setjast i verk før det slege fast ved rettsleg avgjerd at skulane har lov til fatta slike vedtak.

Les meir om saka hjå NRK Rogaland:
http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_rogaland/3884762.html

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no