Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Meir nynorsk i Clemet-skulen

 (17.06.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 17.06.04. - Stortinget har no gjort eit vedtak som inneber meir nynorsk i skulen, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Det skal framleis vere eigne karakterar for hovudmål og sidemål, og det skal framleis vere obligatorisk sidemålseksamen i grunnskulen, seier Brunstad. I tillegg kjem det nasjonale prøver i skriving og lesing både på hovudmål og sidemål. – Clemet har såleis tapt forsøket på å devaluere heile sidemålsordninga, fastslår Brunstad. – Presset frå målrørsla har her spela ei viktig rolle. Brunstad peikar vidare på den viktigare læremiddelsigeren målrørsla no har vunne.

- Stortingsfleirtalet ynskjer ikkje å fjerne eksamen i sidemål i ungdomsskulen, slik Clemet ville. At det framover skal vere éin eksamen i norsk, vil ikkje seie at stiloppgåvene i hovudmål og sidemål skal vere på same dag. Det er fullt mogleg å ha ein norskeksamen over to dagar.

- Stortingsmeldinga "Kultur for læring" slo fast at det var trong for nytenking og nye metodar i norskundervisninga. No har stortingsfleirtalet sagt klårt frå at det ynskjer ei styrking av undervisninga i nynorsk både som hovudmål og sidemål. Ein logisk konsekvens vil vere meir sidemålsundervisning, og at ein startar tidlegare med sidemål i skulen.

Noregs Mållag er derimot særs kritisk til innføringa av trekkeksamen i sidemål på vidaregåande skule. – Det bør vere lik prøvemåte i hovudmål og sidemål, seier Endre Brunstad. – I staden for å snakke om hovudmål og sidemål, bør ein i skulen handsame nynorsk og bokmål likeverdig. Her vil Noregs Mållag stå på for sitt syn. Likevel er det brei politisk semje i Stortinget om at sidemålsopplæringa framleis skal vere basert på prinsippet om jamstelling mellom dei to målformene. Kunnskap i båe målformer må såleis framleis vere ein føresetnad for å få stilling i offentleg forvalting. - Satsing på betre sidemålsopplæring vil kunne føre oss nærmare ei reell språkleg jamstelling, seier Endre Brunstad.

Målrørsla har fått fullt gjennomslag på det punktet som gjeld læremiddel og administrativ programvare: Stortinget seier at elevane skal ha tilgjenge til læremiddel og programvare på båe skriftmål, og systemet for å få til dette, må betrast. – Dette er ein stor siger, ikkje minst for elevar med nynorsk som hovudmål, seier Brunstad. Noregs Mållag og Norsk Målungdom har saman med andre nynorskstiltak arbeidd for læremiddelsigeren med kampanjar og press gjennom mange år.

For meire informasjon kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no