Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Dagsavisen

 (17.06.2004)

Pressemelding. 18.06.04. Noregs Mållag har heidra Dagsavisen: - Vi gjev Dagsavisen ein målblome fordi avisa slepper til nynorsk på redaksjonell plass, seier leiar i Mållaget, Endre Brunstad. Han kom både med diplom og kake då han vitja Dagsavisen.

Ansvarleg redaktør Hilde Haugsgjerd var svært glad for å ta imot prisen. Sjølv gav ho mesteparten av æra til journalistane i avisa. Haugsgjerd sa det var lett å seie ja når nynorskbrukarar ville bruke språket sitt i samanhengar der det var naturleg.

Dagsavisen har dei siste månadene hatt kommentarstoff, nyhendeartiklar og portrettintervju på nynorsk.

Mållagsleiar Endre Brunstad seier at Dagsavisen har vist ei svært positiv utvikling med nynorskbruken. – Avisa utgjer eit godt føredøme som ein del andre Oslo-aviser kunne lære av. Det er vel fortent av Dagsavisen å få ros for nynorskbruken, meiner Brunstad.

Journalistane i avisa sette stor pris på både heideren og kakene.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Det er tiande gong det vert delt ut målblome frå Noregs Mållag. Oversikt over andre som har fått målblome finn ein her: http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9415/41243

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no