Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hald på nynorsken!

 (09.06.2004)

Med Are Kalvø på laget har Norsk Målungdom laga til ein kampanje retta inn mot nynorskelevane i 10. klasse som skal byrje på vidaregåande denne hausten. Dette er ein landsomfattande kampanje retta inn mot alle nynorskelevar i 10. klasse i heile Noreg. Og slagordet er klart; Hald på nynorsken!
Are Kalvø skriv dette om saka:
«Eg kjenner ein som bytte frå nynorsk til bokmål då han begynte på vidaregåande. I dag er han einsam, ugift, arbeidslaus, alkoholisert og ute av stand til å gjere greie for seg. Luktar gjer han også. Alle eg kjenner som heldt på nynorsken då dei begynte på vidaregåande, har i dag interessante og godt betalte jobbar, menge gode vennar og ekstremt stimulerande kjærleiksliv. Dessutan ser dei veldig bra ut, alle som ein. Fine tenner har dei også. Eg berre nemner det.»

Dette er ein kampanje som Norsk Målungdom gjennomfører kvart år. Målgruppa er elevane som allereie kan nynorsk og oppfordringa er å halde på nynorsken sjølv om presset på å skifte til bokmål i vidaregåande skule kan bli hardt.

Det er ei lang rekkje nynorskkjendisar som har stilt opp før Are Kalvø. Mellom anna Tore Andre Flo, Arne Hjeltnes, Kari Traa og Gunhild Sundli, vokalist i Gåte, har stått fram med same oppfordringa.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no