Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Siger i Gausdal!

 (08.06.2004)

Melding. 08.06.04. Gausdal dialekt- og mållag har sikra siger for nynorsken ved Engjom skule i Gausdal. Røysteresultatet var 199 røyster for nynorsk og 110 for bokmål. Frammøteprosenten var 47%.

Gausdal dialekt- og mållag har arbeidd svært godt; dei laga alliansar med nærskylde bygdalag, laga gode flygeblad der ungdomar argumenterte for nynorsk, lesarbrevflaum, jamnlege arbeidsmøte og sjølvsagt hadde dei dørvitjingar.

I vår har det vore fire røystingar: Tap i Hallingdal (mot fire røyster), siger på Karmøy (med 150 røyster overvekt), tap i Lund, Heskestad (mot 15 røyster) og altso eit fleirtal på 89 røyster i Gausdal.

Til hausten veit Noregs Mållag om ei røysting: Reinli skule i Sør-Aurdal. Sør-Aurdal Mållag har fyrste arbeidsmøte i morgon, saman med Noregs Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no