Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hordaland Ap for gode sidemålsordningar

 (07.06.2004)

Melding. 07.06.04. Hordaland Ap har vedteke ei eiga fråsegn om den pågåande kampen om sidemålet. Dei skriv dette: Hordaland Arbeiderparti vil oppmoda Arbeiderpartiet sentralt om å arbeida for å styrkja sidemålet og gå imot alle forsøk på å svekkja sidemålsordninga.

Utgangspunktet for sidemålsordninga er prinsippet om jamstelling mellom bokmål og nynorsk. For at jamstellinga skal vera reel, må kunnskapen om båe målformene vera allmenn. Den noverande sidemålsordninga byggjer såleis på jamstellingsvedtaket mellom nynorsk og bokmål frå 1885.

Sidan nynorsken er i ein mindretalsposisjon, vil ei svekking av krava til sidemålskompetanse fyrst og fremst gå ut over nynorsken. Åtak mot sidemålet er såleis i praksis einstydande med åtak mot nynorsken.

Norsk språk stå på to føter. Den eine foten heiter nynorsk, den andre heiter bokmål. Dersom ein svekkjer kunnskapskrava i det eine målet, svekkjer ein og kunnskapen i norsk språk allment. På den måten vil ein og svekkja viktige sider ved det som utgjer norsk nasjonalkultur.

Hordaland Arbeiderparti meiner såleis at prøveordningane i hovudmål og sidemål må vera mest mogleg like, og at det må vera karakterar i både hovudmål og sidemål.

Difor går Hordaland Arbeiderparti sterkt imot framlegget om å fjerna sidemålseksamen i ungdomsskulen. Å fjerna eksamen i eitt fag inneber diskriminering, nedgradering og reduksjon av status. Skal eksamen i eitt fag vekk, må han vekk i alle fag samstundes.

I den vidaregåande skulen vil det vera i strid med jamstellingsprinsippet å gje ein norskeksamen trekkfagstatus og den ikkje

Hordaland Arbeiderparti åtvarer sterkt imot å gjera knefall for populistiske krefter i hovudstatsområdet, og vil peika på den vekta Arbeiderpartiet alltid har lagt på kultur og kunnskap

Difor må stortingsgruppa ikkje gå med på noko kompromiss i saka, og såleis bli ansvarleg for noko som bryt med både dei lange kultur- og språkpolitiske linene til partiet og dei noverande skulepolitiske linene.


Med helsing
HORDALAND ARBEIDERPARTI

Per Rune Henriksen
Leiar

Stian Nyhus
fylkessekretær

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no