Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Jostedalen Breførarlag

 (07.06.2004)

Melding. 07.06.04. Målprisen for 2004 frå Luster Mållag går til Jostedalen Breførarlag. Jostedalen Breførarlag har heilt sidan oppstarten i 1987 ikkje berre brukt nynorsk konsekvent, men òg vore oppteken av god språkføring og målodling.

Dette ser ein både på nettsider, brosjyrar og skriv frå verksemda, og ikkje minst i iveren etter å finna gode norske ord for dei engelske som har så lett for å kome inn i moderne og moterett fjellsport og ekstremsport.

Leiar i Luster Mållag, Oddmund Hoel (t.h.), overrekker målpris til Steinar Bruheim som er dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag. Biletet er teke av Torodd Joranger.

Luster Mållag skriv meir i grunngjevinga:
Nynorsken er sjølvsagt i bygdene våre, men å bruke nynorsk i reiselivsnæringa er slett ikkje sjølvsagt. I dag ser det bra ut, men ein skal ikkje mange år attende før bokmålet dominerte i reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane. Andre stader finn ein framleis døme på at reiselivsverksemder jamvel i gode nynorskområde marknadsfører seg på bokmål til den norske og skandinaviske marknaden og såleis formidlar eit skeivt bilete av den lokale kulturen.

I Sogn har Jostedalen Breførarlag vore ei av verksemdene som har gått i spissen for å styrkje nynorskbruken på området. Det er svært viktig, for det er reiselivsnæringa som er andletet vårt utetter. Fjellsport er populært i urbane krinsar, og mange av dei norske kundane til Jostedalen Breførarlag, kjem frå byar eller det såkalla sentrale Austlandet. I taulaga og på kursa deira manglar det nok ikkje på folk som på heimebane har uttrykt heller lita forståing for nynorsk og sidemål. Breførarlaget har likevel aldri falle for freistinga å tilpasse seg marknaden ved å bruke bokmål.

Me som arbeider for nynorsken er sjølvsagt svært glade for det, og i tillegg trur me dette er svært klokt reint kommersielt å stå fram som språkleg og kulturelt sjølvsikre slik Breførarlaget gjer.

I år som i fjor er prisen ein akvarell av jostedalskunstnaren Arvid Elvekrok, og det skulle høve svært godt at motivet er av Nigardsbreen.

Til lukke med målprisen 2004!


Gaupne, 5. juni 2004
For styret i Luster Mållag
Oddmund L. Hoel
leiar

Luster Mållag deler for tredje gong ut Målprisen.

Prisen skal gå til verksemder, institusjonar, organisasjonar eller personar i Luster
> som nyttar nynorsk på eit felt der målet i utgangspunktet ikkje står så sterkt
> som syner nynorsken fram til særleg ’utsette’ eller viktige grupper, til dømes ungdom og ungar
> som brukar nynorsk òg utanfor lokalsamfunnet, det vil seie at dei òg nyttar nynorsk i møte med bokmålsbrukarar
> som syner særleg interesse for målodling og god nynorsk

Jury for prisen er styret i Luster Mållag. I 2002 gjekk prisen til Pyramiden Senterkafé, og i 2003 til Fjordglas AS.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no