Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ungdomsskulelærarar for sidemålseksamen

 (01.06.2004)

Melding. 01.06.04. Seks lærarar som til dagleg gjennomfører positive sidemålsforsøk på skulane; Tromsdalen vgs, Åndalsnes ungdomsskole, Kolvikbakken ungdomsskole, Askøy vgs, Skjerstad oppvekstsenter og Holmlia skole har no sendt brev til stortingsgruppa til KrF.

Til KrF-stortingsgruppa
v/ Jon Lilletun

Sidemålseksamen og sidemålsforsøk
Vi er lærarar på ungdomsskular og vidaregåande skular som kvar for oss gjennomfører forsøk i sidemålsundervisninga (Tromsdalen vgs, Åndalsnes ungdomsskole, Kolvikbakken ungdomsskole, Askøy vgs, Skjerstad oppvekstsenter og Holmlia skole). Forsøket går kort fortalt ut på at elevar med bokmål som hovudmål brukar nynorsk i eit anna fag enn norsk i alt skriftleg tilfang (lærebøker, prøver, tavle osb). Føremålet er å sjå om auka bruk av nynorsk fører til betre dugleik i og endra haldningar til nynorsk. Vi kan slå fast at forsøka har verka svært positivt på alle måtar.

Vi meiner at dette enkle forsøket vi gjennomfører viser at det er lett å endre haldningane til elevane. Ei viktig årsak til negative haldningar er den generelt låge statusen nynorsk har i samfunnet.

I Stortingsmelding nr 30, Kultur for læring, har statsråden kome med framlegg om å einsidig fjerne eksamen i sidemål på ungdomsskulen, og å gjere eksamen i sidemål til trekkfag på vidaregåande skule. Med omsyn til statusen til nynorsk er dette svært ille: Så vel elevane som lærarar vil oppfatte eit slikt tiltak som ytterlegare svekking av statusen til nynorsk som språk. For vår del kan vi slå fast at det vil bli svært vanskeleg å mobilisere elevar til slike positive forsøk vi har gjennomført, og vi meiner det er rimeleg å hevde at jamvel mange lærarar vil bli mindre motivert til å setje i verk positive utviklingsforsøk i sidemål dersom Stortinget vedtek framlegget frå statsråden.

Vi bed difor stortingsgruppa til KrF om å røyste mot framlegget om einsidig fjerning av eksamen i sidemål på ungdomsskulen og å gjere eksamen i sidemål til trekkfag på vgs. I staden for tiltak som svekkjer statusen til nynorsk oppmodar vi Stortinget til å vedta tiltak som fører til auka bruk av nynorsk i heile grunnskulen.


Med helsing


Bjørg Strand /s/
Magritt Jarlsdotter Grimstad /s/
Nils Fleten /s/
Anne-Margrethe Brekkan /s/
Geir Grav/s/
Torill Tørjesen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no