Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krev meir nynorsk i skulen

 (27.05.2004)

Melding. 27.05.04. Meir og grundigare nynorskundervisning i grunnskulen! Med dette uvanlege kravet kom ungdomsskuleelevane Tobias Elve og Tobias Nordbø den lange vegen frå Stavanger til Løvebakken i Oslo onsdag.
Leiaren for utdanningskomiteen på Stortinget, Rolf Reikvam (SV), møtte skuleelevane for å ta imot dei over 600 underskriftene dei har samla inn for meir nynorsk i skulen.

Dei to 15-åringane, som går i niande klasse ved Kristianlyst ungdomsskule i Stavanger, fekk eit par a-ha-opplevingar då dei starta med sidemålsundervisning i nynorsk sist haust. Erfaringane deira er at dei burde ha fått sidemålsopplæringa tidlegare i grunnskulen, og det burde ha vore både meir og grundigare nynorskundervisning.

Dermed går dei to ungdomane eit lite stykke lenger enn dei fleste som no kjempar mot framlegget frå regjeringa om å fjerne sidemålseksamen i ungdomsskulen og å gjere eksamen til trekkfrag i vidaregåande skule. Dei er naturlegvis heilt einige med Ap, SV og Sp som ikkje vil redusere statusen til sidemålet i skulen.

Positiv respons
Elve og Nordbø trur mykje av nynorskhatet blant skuleungdom kunne ha vore unngått dersom dei vart kjende med faget tidlegare.
– Mange hatar det fordi dei ikkje har hatt det før, seier Tobias Nordbø.

Og blant klassekameratane har responsen vore mest positiv på underskriftsaksjonen, kan dei fortelje.
– Dei fleste er positive, unntatt ein. Men han er fransk. Han er også ein av dei beste venene våre, og han gjer det nok mest for å gå imot oss, trur Nordbø. Sjølv bestekameratar kan ikkje vere einige i alt.

Opphavleg hadde Nordbø og Elve planlagd å sende underskriftene til Stortinget i posten, men Nynorsklaget sørga for at dei no fekk høve til å overlevere papirbunken personleg til leiaren i Kyrkje-, utdannings– og forskingskomiteen.

Omvising
Dei to nynorskforkjemparane fekk også eit raskt møte med saksordføraren for kvalitetsreforma i komitéen, Elsa Skarbøvik. Skarbøviks parti, KrF, sit etter alt å døme med nøkkelen i høve til framlegget om å redusere stillinga til sidemålet, og til sjuande og sist er det regjeringspartiet som kan sørgje for at sidemålseksamen består som i dag.

To representantar for nynorskbrukarane på Stortinget, Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) og Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), som begge er medlemer i Løvebakken Mållag, ville også gjerne helse på dei unge nynorskforkjemparane. Dei var svært glade for initiativet, og inviterte Elve og Nordbø på ei spontan omvising i nasjonalforsamlinga.

– Må forsvare først
Komitéleiar Rolf Reikvam var også takksam for initiativet, men kunne nok ikkje love Elve og Nordbø fullt gjennomslag for krava deira no.
– Ein må få lære nynorsk i grunnskulen, men eg må innrømme at eg ikkje har reflektert over akkurat dette. Kor tidleg ein skal introdusere to språk i skulen, er eg ikkje sikker på, sa Reikvam.

SV-representanten meiner uansett at det viktigaste no er å forsvare nynorsken mot framlegget frå regjeringa.
Undervisningskomiteen skal vere ferdig med behandlinga av regjeringas framlegg den 10. juni før saka kjem til endeleg behandling i Stortinget den 17. juni.

Hallvard Østrem, Nynorsk Pressekontor
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no