Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsktilbodet i Oslo-grunnskulen i fare!

 (27.05.2004)

Melding. 27.05.04. Trass stor mediemerksemd om nynorskens situasjon i hovudstaden er interessen for nynorskklassene i grunnskulen mindre enn nokon gong. Berre to ungar er skrivne inn på nynorsk til hausten, og det ser ikkje ut til at det vert ein nynorsk 1. klasse i Oslo neste skuleår. Målnemnda i BUL Oslo er uroa.

I fleire år har Bondeungdomslaget i Oslo saman med Studentmållaget og andre nynorskaktivistar i hovudstaden arbeidd for tilbod om nynorsk som opplæringsmål i grunnskulen.

På slutten av 1990-talet vart det mest kvart år oppretta ei nynorsk fyrsteklasse ved Sagene skule. 2001 var førebels siste året BUL lukkast i skulemålsarbeidet. Målnemnda i landets største ungdoms- og mållag veit ikkje kvifor interessen ikkje er større i 2004.

- Eg er forundra, seier leiaren i nemnda, Olav-Johan Øye.
- Med den store merksemda i desse tider rundt nynorskens situasjon i Oslo skulle ein tru mange foreldre, ikkje minst innflyttarar frå nynorskområde,
var meir medvitne i høve til kva språk ungane deira skal lære. På 1990-talet var vi oppe i godt over 20 innskrivne på nynorsk dei beste åra, no er vi nede i to. Det er langt opp til Opplæringslovas krav om 10 for å få til eiga klasse.

Øye meiner det er mange fordelar med å velja nynorsk i Oslo.
- Frå ungdomsskulen må alle ungar likevel lære begge skriftspråka. Det er mykje lettare å lære bokmål seinare, det møter elevane i media, bøker og
mest alle stader rundt seg i kvardagen. Nynorsk frå fyrste klasse vil gje dei auka språkforståing og ofte også meir toleranse andsynes andre språklege og kulturelle minoritetar. Nynorsken er eit språk for heile landet, også for Oslo, avsluttar Øye, som framleis vonar foreldra vil melde interesse for klasse til Bondeungdomslaget i Oslo. Heilt fram til
skulestart er det råd å endre val av opplæringsmål.

For meir informasjon, ring skulemålsskrivar i BUL, Lars Rottem Krangnes, 99 40 38 25 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no