Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Storsiger for nynorsken på Karmøy!

 (14.05.2004)

Melding. 14.05.04. Ingen tvil. Folk vil ha nynorsk ved Stokkastrand skule i Karmøy, skriv <a href="http://www.haugesunds-avis.no/apps/pbcs.dll/artikkel?AID=/20040514/NYHET/203314051">Haugesunds Avis</a>. Heile 71.2% røysta for nynorsk i skulemålsrøystinga. Sjå også <a href="http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_rogaland/3783088.html">NRK Rogaland</a>.

Haugesunds Avis skriv vidare: Nynorsk-tilhengarane kunne sleppa jubelen laus etter folkerøystinga om målform ved Stokkastrand skule i går. Heile 71.2 prosent av dei som stemte vil at skulen skal halda på nynorsk som målform, medan 28.8 prosent ville ha bokmål.

– Dette var eit overraskande stort fleirtal. Dei fleste hadde nok rekna med at det skulle bli eit mykje jamnare resultat, seier leiaren i valstyret, Svein H. Andersen til Haugesunds Avis.
Av dei dei 973 røysteføre i krinsen var det 358 som hadde avgitt stemme ved valet. Det gir ein frammøteprosent på 37, noko som er godt over det som er vanleg ved slike val.

Glad for resultatet
Svein H. Andersen er sjølv nynorsk-tilhengar og såleis svært glad for utfallet av folkerøystinga.
– Ja, det kan eg ikkje legga skjul på. Sjølv om dette er ei rådgjevande folkerøysting, så er resultatet eit så klart og sterkt signal at kommunestyret må følgja opp vedtaket når dei handsamar saka, seier Andersen.
Målsaka må først innom hovedutvalet og formannskapet før ho endar på bordet til kommunestyrerepresentantane 15. juni.

– Skuffa
Jannicke Simonsen er ei av dei som har jobba mest for at borna ved Stokkastrand skule skal få opplæring på bokmål. I halvtanna år har ho og Janne Andersen stått på barrikadane for bokmålsopplæring. Dei har vore i kontakt med både kommune, fylkeskommunen og statsråden, og dei har samla inn underskrifter for å få gjennomført folkerøystinga.

– Har gjort vårt beste
Då resultat var klart i går var Simonsen skuffa.
– Ja, det legg eg ikkje skjul på. Vi har stått på og gjort vårt beste for å gi ungane det tilbodet vi meiner er best, men nynorskforkjemparane ser ut til å ha hatt eit endå større trøkk. Det klare fleirtalet var overraskande. Men dette var eit demokratisk val, så vi må berre akseptera resultatet, seier Simonsen.
Av dei 28 barne- og ungdomsskulane i Karmøy har i overkant 20 bokmål som målføre. Jannicke Simonsen finn det likevel ikkje rett å flytta borna til andre skular for at dei skal få bokmålsopplæring.
– Nei, det er tryggare for borna med nynorsk enn lang og farleg skuleveg, seier ho.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no