Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålet må ikkje svekkjast

 (13.05.2004)

Melding. 13.05.04. – Senterpartiet vil kjempe for at Regjeringa ikkje får fleirtal for å fjerne obligatorisk eksamen for sidemål i ungdomsskulen og gjere sidemål til trekkfag i den vidaregåande skulen. Framlegget svekkjer sidemålet og råkar i hovudsak nynorsken, seier Sp-nestleiar Liv Signe Navarsete i tilknyting til ei fråsegn om saka frå Sps sentralstyremøte 10. mai. Les meir om saka hjå <a href="http://www.senterpartiet.no/">Senterpartiet</a>.

Det er inga systematisk forsking som tyder på at kompetansen i norskfaget vil styrkjast dersom ein fjernar eksamen i sidemålet. Det kan heller ikkje provast at elevane vert meir positivt innstilte og legg meir arbeid i norskfaget dersom eksamen vert teken vekk. Det er snarare grunn til å tru at dette betyr ei nedgradering av statusen til sidemålet, heiter det i fråsegna.

Navarsete legg til at det gjev ein negativ signaleffekt å særbehandle akkurat sidemålet i eksamenssamanheng, når Regjeringa elles seier at dei legg vekt på auka kunnskap i basisfaga. – Norsk er nynorsk og bokmål og elevane må ha grunnleggjande skriftleg opplæring i begge målformer for å ha gode nok norskkunnskapar til å meistre både hovudmålet sitt og sidemålet. Det inneber at vurderingsmåten for hovudmål og sidemål må vere lik, seier ho.

I fråsegna heiter det elles at Senterpartiet ser med uro på at Regjeringa vel å svekkje nynorsk som skriftspråk i ei tid då nynorsk er under sterkt press i store delar av landet vårt. Det vart seinast i kulturmeldinga slege fast at den språklege jamstellingspolitikken skal liggje fast. Dersom ein skal oppnå full jamstelling lyt ein auke statusen til sidemålet og styrkje undervisninga, og dessutan ha lik vurderingsmåte i begge målformer for alle elevar i skulen. Regjeringa sitt framlegg går i motsett retning. Senterpartiet vil kjempe for å sikre sidemålet sin posisjon i utdanninga.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no