Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noreg framleis ein kulturnasjon

 (12.05.2004)

Melding. 12.05.04. Regjeringa har nyleg lagt fram stortingsmeldinga «Kultur for læring». I den ligg det ein god del positive framlegg, skriv Sotra Mållag i ei fråsegn.

Men ein ting vil vi likevel åtvara mot: I Noreg har vi to jamstelte språk. Mange nyttar bokmål, færre nyttar nynorsk. I alle kulturland der dei har fleire språk, vernar dei om språka sine, også om mindretalsspråka. Ei OECD- undersøking trekkjer fram språkmangfald av den norske typen som eit kulturelt gode.

I ovannemnde stortingsmelding ligg der forslag som bryt med den tradisjon som vi hittil har følgt i vårt land. Sidemålseksamen i ungdomsskulen skal bort. I vidaregåande skule kan eit fåtal verta trekte ut til eksamen. Fag utan eksamen misser status og fører til dårlegare undervisning. Dette kan neppe vera meininga i ei melding som elles vil styrka læringskompetansen.

Sotra mållag vil oppmoda alle som har innverknad på dei som skal handsama denne meldinga i Stortinget, til å seia klårt frå om at vi ikkje ønskjer eit nederlag for Noreg som kulturnasjon.

Styret i Sotra Mållag.
Karstein Bjørge, Arne Olav Nilsen, Jorun S. Gjersvik, Klara Algerøy Skoge og Gudveig Lillebø.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no