Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk til innvandrarane no!

 (11.05.2004)

Lesarbrev frå Noregs Mållag. 11.05.04. Dei siste tiåra har det kome tusentals innvandrarar til Noreg. I heile denne perioden har staten sytt for at desse har vorte haldne utanfor den nynorske skriftkulturen.

Det bur etterkvart mange med innvandrarbakgrunn i kommunar der nynorsk er både skulemål, administrasjonsmål og dominerande i lokalsamfunna. Likevel får vaksne innvandrarar i desse kommunane som oftast ikkje tilbod om opplæring i nynorsk.

Noregs Mållag har arbeidd i fleire år for å få læremiddel på nynorsk for framandspråklege, og vi er glade for at det har vore ein viss framgang med datalæreverket Nynorsk Pluss.

Noregs Mållag krev at staten syter for at det blir utvikla fleire gode undervisningstilbod i nynorsk for vaksne innvandrarar.

Nils Ulvund
Nestleiar i Noregs Mållag

>>>

Bilete av Nils Ulvund ligg her: http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/1634/9413


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no