Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nei, Kongshaug!

 (11.05.2004)

Melding. 11.04.05. Regjeringa styrkjer ikkje nynorsken. Stortingsmeldinga «Kultur for læring» kunne sikkert ha vore verre om Høgre var åleine i regjeringa, men ingen skal få oss til å tru at nynorsk eller norskfaget blir styrkt ved at ein tek vekk eksamen i sidemål, skriv Bjørn Sæbø, leiar i Romsdal Mållag i avisa <a href="http://www.tk.no/meninger/article1115110.ece">Tidens krav</a>.

Regjeringa vil ta vekk eksamen i sidemål på ungdomsskulen og gjere det til trekkfag i vidaregåande skule. Dermed blir det ikkje lenger noko system for å måle kunnskap i sidemål. For dei som ikkje likar nynorsk er dette svære greier, for av praktiske årsaker får nynorskelevane likevel sitt sidemål, bokmål, inn i store doser, slik det har vore heilt sidan dansketida.

Elevane no for tida gjer det heller dårleg i mange fag, og politikarane vil så gjerne gjere undervisinga og dei faglege resultata betre. Men «medisinen» er så heilt forskjelleg. Om elevane er dårlege i matematikk, må dei sjølvsagt få betre matematikkundervising. Det er ein tankegang som folk flest forstår. Men om dei er dårlege i nynorsk, då er løysinga å ta vekk det ein har av kontroll og vurdering for at dei skal bli flinkare, eller helst ta vekk heile faget.

Her ligg det noko under. Etter nokre år utan sidemålseksamen vil folk frå bokmålsområde kunne seie at dei kan ikkje nynorsk, dei har aldri lært det, og derfor kan heller ingen forlange at dei skal bruke det om dei blir tilsette i nynorske eller språknøytrale kommunar eller fylke. Dermed må det bli slutt på lova om målbruk i offentleg teneste, og det er opna for kulturtyning i stor stil i vår del av landet.

Kongshaug dreg fram at det skal opprettast eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæring, knytt til Ivar Aasen-senteret for nynorsk skriftkultur. Det høyrest svært ut, men det er interessant å merkje seg korleis dette senteret skal finansierast. I kapittel tolv i meldinga frå Clemet går det fram at pengane er dei ein skal spare på sidemålseksamen. Å kanalisere pengane til ufarleg forsking er sjølvsagt ein genistrek, når ein kan ta dei frå praktisk sidemålsopplæring!

det har vore skriftleg eksamen i sidemål til artium sidan 1907, saka gjekk gjennom etter framlegg frå Christian Michelsen si regjering, som og førte landet ut av unionen med Sverige to år før. Etter 97 år med sidemålseksamen, med nynorsk i litteratur, offentleg teneste, aviser, kringkasting osv. er ingen i dag ukjent med nynorsk. Nye tiltak som er sette i verk ved fleire skular, Åndalsnes-modellen, fører til at ein no kan få sidemålsundervisinga som eit praktisk bruksmål i eitt eller fleire fag, og dette har ført til ei heilt ny interesse for norskfaget. Elevane ved Holmlia skule i Oslo lærer såleis sidemål med liv og lyst. Nynorsk skriftmål er kome for å bli, og sjølv dei argaste språkkonservative må finne seg i at dei ikkje er åleine i verda og kan forme kulturen etter eige ønskje.

Til slutt finn me finn det interessant å nemne ei hending i eit tidlegare Venstre-samarbeid med Høgre. Statsminister Konow frå Frisinnede Venstre heldt ein tale i Bondeungdomslaget ved juletider i 1911, og der sa han:

«- ingen opportunistiske politiske hensyn skal formå mig til at fornegte den opfatning, at målsaken har været den sak, som sterkest har båret det norske folk frem i det siste halve hundreår.»

Det vart slutten for regjeringssamarbeidet og Konow som statsminister. Det viser at Høgre framleis er oppteke av dei same tankane som for hundre år sidan når det gjeld språksaka.

Me skulle gjerne ønskje at Venstre på si side sto for ideane om å styrkje nynorsken i Konow si ånd, utan opportunistiske politiske omsyn.

Bjørn Sæbø,
leiar i Romsdal Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no