Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha nynorsk-plikt i statsstøtta aviser

 (11.05.2004)

Melding. 11.05.04. – Statsstøtta aviser skal styrkje ytringsfridomen, ikkje innskrenke han. Aviser som forbyr journalistar å skrive nynorsk på redaksjonell plass, og såleis diskriminerer eit offisielt skriftspråk, er med på å innskrenke ytringsfridomen for dei nynorskjournalistane som arbeider i dei aktuelle avisene, hevdar Marit Eikemo og Hilde Sandvik, redaktørar i Syn og Segn.

Noreg har i dag fleire former for direkte og indirekte støtte til norsk presse, som er meint å styrke mediemangfaldet. Pressestøtta går til nr. 2-aviser, småaviser og såkalla meiningsaviser. Aviser som går med eit visst overskot får ikkje pressestøtte, dei får heller ikkje støtte dersom opplaget går over 80 000.

– Den største gåva til norske aviser frå staten er momsfritaket som utgjer vel ein milliard kroner i året ifølgje Mediebedriftenes Landsforbund. Det blir ikkje stilt tilsvarande krav til aviser som får momsfritak, skriv Marit Eikemo og Hilde Sandvik i siste utgåva av Syn og Segn.

Vil stille krav om nynorsk
Prinsippet om momsfritak er at «det frie ord» ikkje skal skattleggjast. Syn og Segn-redaktørane meiner at på same måte som visse vilkår må oppfyllast for at aviser skal få pressestøtte, meiner dei visse vilkår må vere oppfylte for at avisene skal få momsfritak.

- Staten må slutte å finansiere overskotet til dei store mediehusa når overskot beviseleg går til eigarane og ikkje tilbake til avisene for redaksjonell utvikling, påpeikar dei to redaktørane.

Framgong for Syn og Segn
Det er no sparka i gang ein større kampanje for tidsskriftet og responsen førebels er god.
– Målet er å nå opp i 3 000 abonnentar i løpet av året, seier Svenn Fosseng, rådgjevar hjå Samlaget. Han er ein av dei som har arbeidd fram denne kampanjen.
– I dag har Syn og Segn om lag 2 400 abonnentar, så det er høgt mål vi har sett oss, slår han fast.

Sylfest Lomheim, direktør i Norsk språkråd, støttar kravet frå Syn og Segn-redaktørane, les saka hjå <a href="http://www.siste.no/Innenriks/article1115156.ece">ANB</a>.

Les heile leiarteigen hjå <a href="http://www.samlaget.no/synogsegn/LeiarSogS.doc">Syn og Segn</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no