Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Flott aksjonsdag for sidemål!

 (10.05.2004)

Melding. 10.05.04. På laurdag 8. mai skipar Noregs Mållag til aksjonsdag for sidemålet. Felles parole for dagen var «Stogg åtaket på sidemålet - stø nynorsk!

Målfolk frå heile landet kan rapportere om ein flott aksjonsdag. Nidaros Mållag i Trondheim hadde plakatbukkaksjon på Nordre.
– Vi fekk snakka med mykje folk og svært mange var positive til sidemål, fortel Einar Måseide i Nidaros Mållag. Laget fekk delt ut alle flygeblad og var godt nøgd med aksjonsdagen.

Gol Mållag hadde aksjon i Gol sentrum til støtte for sidemålsordninga.
– God stemning og ein del positiv interesse og støtte, fortel Nils Stavenes frå Gol Mållag. Laget verva ein ny medlem på laurdag!

I Oslo var det Studentmållaget i Oslo og Oslo Mållag som stod for aksjonen på Egertorget. Dei delte ut flygeblad og hadde eit eige bord med bøker og diverse tilfang.
– Dessutan gjorde vi noko som var temmeleg artig. Vi stilte med ein banner og fingermaling, så folk som gjekk forbi kunne gje eit handslag for sidemål. Vi fekk ein del hender på banneret, fortel Eva Marie Mathisen, aktiv i Studentmållaget. I dag følgde SmiO opp med eigen flygebladaksjon på Blinderen. Trass i at ikkje alle støttar sidemålsordninga, fekk dei verva medlemer til laget.

Gloppen Mållag og Firda Målungdom hadde flygebladaksjon i Sandane sentrum. Både unge og eldre var representert! Frå venstre Sindre Humberset, Hanne-Karin Sunde, Anne Stine Husevåg, Kåre Holvik og Karoline Råd.

Skrivarstova i Oslo har ikkje full oversikt over kor mange lag som faktisk har brukt aksjonsdagen til å vere til aksjonere for sidemålsordninga.
– Eg vil tru at opp mot 50 lokallag skipar til aksjonar i løpet av mai. Dette er ei viktig sak for mållaget og våre folk er opptekne av å markere vårt syn i saka, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Tidlegare i år vart det trykt opp flygeblad i 10 000 eksemplar. I forkant av aksjonsdagen var dette opplaget oppbrukt. Det vart difor trykt eit 2. opplag på 4 000 flygebladet. I tillegg var det trykt ein eigen plakat til aksjonsdagen med slagordet: «Stogg åtaket på sidemålet - stø nynorsk!».

Vil du også lage aksjon for sidemålet? Ta kontakt med Gro Morken Endresen på telefon 22 47 71 00 eller send e-post <a href="mailto:gro.morken@nm.no">gro.morken@nm.no</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no