Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bokmålstabbe av Læringssenteret

 (06.05.2004)

Melding. 06.05.04. Læringssenteret har lagt ut karakterstatistikk for vidaregåande skule i Noreg. I statistikken kan me lesa at alle elevar på vgs har bokmål som hovudmål og nynorsk som sidemål.

Her les me karakterane til elevane på Firda vgs, mellom anna i «Norsk hovedmål, skriftlig (BM)» og «Norsk sidemål, skriftlig (NN)».
- Ops, her har det skjedd ein glipp, seier Knut Bråtane i Læringssenteret. Det kan jo mest sjå ut som om alle elevar i vidaregåande skule har bokmål til hovudmål, seier Bråtane. Me skal freista å få ordna dette innan måndag 10. mai 2004.

Noregs Mållag har fått telefonar frå så vel lærarar som elevar som slett ikkje tykkjer om denne «glippen».
- Her tykkjest det som om Læringssenteret har fylgt tradisjonelle fordomar i målstriden, om lag som når folk seier "»norsk og nynorsk" i same setninga, seier nestleiar i Noregs Mållag, Nils Ulvund. Dette er pinleg for ein så seriøs etat som Læringssenteret, og me får vona at dei ordnar opp i dette så fort som råd.

Sjå Læringssenteret sine sider, til dømes <a href="http://62.65.8.229/karv/java/s14015.html">her</a>

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no