Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i Oslo-avisene

 (04.05.2004)

Lesarbrev frå Noregs Mållag. 04.05.04. I leiarartiklar i oslo-avisene ser vi ofte hyllingar av kulturelt mangfald og uttrykksfridom. Samstundes har dei fleste av desse avisene eit redaksjonelt forbod mot nynorsk. Nynorsken vert utestengd og usynleggjord. På den måten er der ikkje noka reell jamstelling mellom bokmål og nynorsk i samfunnet vårt.

Arve Solstad grunngav i si tid utestenginga av nynorsk i Dagbladet med «en høyere orden». I dag har avisene store forklåringsproblem. Jamvel Inge Lønning har i Aftenposten kome med argument som i praksis tilseier nynorsk i Oslo-avisene.

Utgangspunktet for pressestøtta er å gi rom for mangfald i meiningar og uttrykk. Kva så med språkkrav? I Catalonia i Spania set ein krav til eit visst mangfald i språkbruken i høve til pressestøtte. I Noreg har ein vore restriktiv med slike tiltak. No er det på tide å setje språkkrav.

Eitt godt tiltak vil vere økonomisk premiering av aviser som bruker nynorsk, Eit anna tiltak er å krevje at riks- og regionaviser med eit opplag over tjue tusen skal ha minst fem prosent eigenprodusert stoff på nynorsk, for å få fullt momsfritak. Eit tredje tiltak er stipend til nynorskbrukande journalistar. Slike gulrøter vil vere i tråd med ein kulturpolitikk som tek sikte på å fremje språkleg og kulturelt mangfald.

Endre Brunstad
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no