Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målsak - mellom lærevegring og liberalisme

 (29.04.2004)

Melding. 29.04.04. Anders Folkestad var landsmøtetalar på landsmøtet til Noregs Mållag. Her er den endeleg på nettet!

Gode forsamling.

Takk for invitasjonen til denne talarstolen. Invitasjonen kom så overraskande at eg ikkje hadde vit til å takke nei.

Eit landsmøte er ei storhending – ein arena for avklaringar og vegval, for framtida – ein arena for å skape vinnarsaker. Alle organisasjonar treng vinnarsaker.

Målsaka og Noregs Mållag treng også vinnarsaker. Ei sak eller fleire som fører målfolket frå opphaldande strid til framrykking. Der frontsoldatane er talrike og entusiasmen stor, og som viser att.

Sidemål – nynorsk i skulen – kan godt vere ei slik sak, og har vore ei slik sak.

Meir enn ein gong har sidemålsopplæringa – nynorsk for alle vore truga. Og hetsen har vore der heile tida - frå fleire enn Finn Erik Vinje og miljøa i Akersgata. Kvar gong har sidemålsopplæringa overlevd. Til tider styrkt seg.

Ein viktig grunn er at det har vore eit politisk fleirtal som har sagt ja til sidemålet og dermed nynorsken. I så måte er det uttrykk for velvilje – positiv haldning. Det har i alle fall ikkje vore mange nok som har ønska eller våga konfrontasjonen med målfolket – med motkulturen. Difor bør målfolket ha rikeleg med sjølvtillit og pågangsmot.

Men om dette har vore ei vinnarsak så langt – så trengst det meir enn ei.

I Sidemålet
Nynorsken, særleg som sidemål, er hardt pressa. Det er mange grunnar til at sidemålet/nynorsken er meir pressa enn før. Somme vil oppsummere presset som tidsånda. Men tidsånda er samansett.
Eg vil peike på nokre forhold som trugar, og som ikkje kan neglisjerast av målfolket.

1. Nye Høgre er i posisjon.
2. Lærevegringa i einskapsskulen
3. Marknadsliberalismen – den nyliberalistiske dominansen
Dessutan:
4. Mediesituasjonen
5. Nynorskpurismen /Nynorskeliteismen

I lys av tidsånda og rådande trendar: Nynorsken – og motkulturen han representerer er noko herk – når målet er liberalisering, fristilling og effektivisering. I dette perspektivet står nynorsken i vegen. Det er ikkje berre det at det er unyttig – det er dyrt – det er unødig luksus for få.
To språk – tenk kva det kostar. Det luktar raude tal i utgangspunktet.

Denne tankegangen har dessutan lett spel i ein skule og med pedagogikk der fag, arbeid og læring har hatt for dårlege kår. Der prestasjonar er framandord, ja nærast for mobbing å rekne.

Sider ved det som har vore den dominerande pedagogikken/skulepolitikken har indirekte vore eit trugsmål mot nynorsken. Nynorsk er for tungt, for vanskeleg – ein må arbeide sjølv for å lære noko!

Då opplæringstida blei utvida frå ni til ti år var det hovudsak at den nye første klassen ikkje måtte bli for «skolsk» – lysta til å lære å lese- og skrive måtte bremsast!

Trekk ved einskapsskulen har lagt godt til rette for bakhaldsangrepet frå Høgre. No er det her.

1. Nye Høgre.
Historia gir fleire døme på at Høgre har ”«streva» med nynorsken. Dagens Næringsliv gav ei oversikt for litt sidan, noko tabloidisert, men med snert.
Rett nok finst mange talspersonar for nynorsk i Høgre, men no har andre overtaket.

Og det er ikkje så overraskande at ein statsråd som frå dag 1 har hamra på at norsk skule er i verdstoppen når det gjeld pengebruk ser sidemålet som eit problem. Det handlar både om pengar og om politikk; «mer igjen for pengene» og mindre nynorsk.
Det blir ikkje argumentert så ope frå statsråden. Då er Unge Høgre langt tydelegare.

2. Lærevegringa
Eit døme på lærevegringa – kunnskapsangsten - er då den pedagogisk/politiske avantgarden for ein del år sidan gjorde norsk til eit minimumsfag i allmennlærarutdanninga nesten på line med matematikken, som kunne veljast vekk. Og likevel var denne avantgarden så sikker på sin posisjon på 80- og 90 talet at det utan blygsel la til grunn at allmennlæraren var ein fullt ut kvalifisert norsklærar i heile grunnskulen – som i alle andre fag enten dei var valde vekk eller ikkje. Det bør vere eit tankekors at eitt av argumenta for denne politikken har vore og er omsynet til distrikts-Noreg og den desentraliserte skulestrukturen.
Her er det somme som møter seg sjølv i døra.

Eg trur ikkje på nostalgien om den gamle skulen, og utvalssystemet som var. Dagens skule er på fleire måtar betre enn det gamle systemet. Men det har vore trakka feil. Trivsel har vore sett opp mot læring. Dette har vore og er misforstått utjamningsideologi. Som i norsk skule har ramma realfaga særleg hardt. Men det har også ramma framandspråkopplæringa, med unntak av engelsk som er over alt. Andre framandspråk – tysk og fransk – har hatt dårlege kår både i ungdomsskulen og i vidaregåande. Og kvifor tru at nynorsken er unnateken frå desse mekanismane som seier at det er lov å velje vekk det vanskelege og det tunge kunnskapsarbeidet.
Men det er lita trøyst i

3 Marknadsliberalismen
Marknadsliberalismen og New Public Management har feia over landet og gjort noko med oss. Med skulepolitikken og annan politikk. Alt skal vere effektivt og det meste skal målast. Og då måler ein det som er lettast å måle.

Helse og utdanning – velferd - skal styrast som butikkar. Eit uttrykk for dette: NAVO feira i går sitt 10 – års jubileum. Starta i 1993 som Norsk Arbeidsgiverforening for Virksomheter med Offentlig Tilknyting. Starta for nokre få bedrifter med 9000 tilsette.

I dag arbeidsgjevar for nesten 200 000 arbeidstakarar, inkludert sjukehusa – helseføretaka. Den nest største i «privat sektor»! Og no har Telenor gått til NHO. Dette er ei voldsom samfunnsomvelting på ti år. Ein stille revolusjon. Det var like før universiteta gjekk same vegen…

Dette er del av ein strategi for:
- nedbygging av staten og offentleg sektor
- fragmentering av fellesskapet
- meir marknad – mindre politikk.

Folkedemokratiet blir nedbygd; færre representantar i kommunestyra, mellomnivået vil mange ha vekk.

I skulen ser vi nedbygginga i form av svakare nasjonal styring, svakare innhaldsstyring, og sterkare styring gjennom kontroll/testing og stram økonomi. Det blir fleire elevar, men færre lærarar, og så er opplegget at konkurranse skal sikre kvalitet.
Ein rik stat må halde seg med fattige kommunar for å få fart på konkurransen, og så kallar ein det satsing på lokaldemokrati og folkestyre. Dette er nytale

Dette pressar nynorsken. Sakte og sikkert. Når staten/offentleg sektor blir nedbygd gjer det også noko med språket. Det offentlege er ein stor leverandør av nynorsk skrift. Når offentlege institusjonar blir til bedrifter, taper nynorsken.
I tillegg: Pengar og folk går til byane/sentra. Ungdom vel seg til sentrum og caffe latte-kulturen.
Og i forbifarten minner eg om den gjennomførde Oslo-sjargongen i alt som har med barne- og ungdomsprogram i tv å gjere.

4. Purisme og eliteisme
Er målrørsla også sin eigen fiende? Er målrørsla meir vaktbikkje enn jakthund? Meir på hogget når det gjeld kritikk enn motivasjon? Eg er redd målrørsla har skaffa seg eit omdøme prega av ei rørsle som fordømmer meir enn stimulerer. Som dyrkar det gamle og reine meir enn det nyskapande og utfordrande. Som dyrkar reglar meir enn aktiv språkbruk. Det høyrest sikkert urimeleg ut, og det trengst museumsvaktarar på mange område.
Men er ein svikefull som nynorsking viss ein skriv Noreg istf Noreg? Om ein skriv nyheit og ikkje nyhende? Lista kan gjerast lang. Trendar i tida kan nok vere ein hemsko for nynorsken, men sanneleg kan målfolket sjølve vere det også.

Kva skjer så i skulen?
Det har blitt sagt at Ivar Aasen sine folk i Hovdebygda er kjøpte til stillheit fordi Clemet har lova dei kompetansesenter i nynorsk. Det trur eg ikkje.

Men vi har før sett (ikkje minst i utdanningssektoren) at kompetansesenter er noko ein opprettar parallelt med nedbygging, jf nedbygginga av den lokale kompetansen innan spesialundervisninga.

- Men vi skal ikkje svekkje, vi skal endre og forbetre, er svaret frå Clemet.
Og somme vil sikkert seie at eksamen er ikkje det viktigaste, og har rett. Men vi veit at for mange er ambisjonen å fjerne sidemålet. På veg mot dette er det greitt å få rydda vekk eksamen/nasjonale prøver. Dette er først eit kamuflasjetiltak – usynleggjering.
Clemet vil bøte på somme av dei svake sidene eg nemnde. Og det trengst forbetringar. Meldinga blir kalla «Kultur for læring», men ho tar ikkje med sidemålet/nynorsken. Provoserande. Ver difor ikkje i tvil. Det er ei demontering som er starta.
Dette må møtast med mobilisering og kamp, med dokumentasjon og argumentasjon. Og de har rikeleg å ause av.

Det er heller ikkje tvil om at det trengst betre praksis i skulen – i norskfaget – i sidemålet Metodefasiten finst ikkje, men her er også mykje god praksis som må visast fram. Basisen er og blir meir skriving og lesing, både boka og det digitale. Mest av alt trengst meir entusiasme i kombinasjon med fagleg kompetanse.

Også i dagens debatt ser vi at liberalisme og lærevegring møtest i praksis. Det er underleg å lytte til argumentasjonen frå SV. Dei forsvarar sidemålet og nynorsk som hissar seg opp til det vi skal tru er forsvar for sidemål og norsk. Men det framstår mest som ein strategi for å kvitte seg med eksamen. - Det er uheldig - urettferdig at eksamen berre blir fjerna i sidemål, heiter det. Men viss det er slik at å fjerne eksamen er av det gode generelt, må det jo vere flott at sidemålet får æra og gleda over å føre an mot betre kvalitet?
Og Kro er ikkje lang unna. –Det er ikkje eksamen som er viktig – det er det som skjer før eksamen, heiter det herfrå. Eksamen er altså ein metode med mange variantar for å sjekke kva som skjer før eksamen. Og det er når alt kjem til alt ein enkel metode.

Det kokar ned til haldningar i og utanfor skulen, og om to overordna forhold:

1. Politikken – det må rett og slett vere politisk fleirtal for å verne om og utvikle sidemålet, i klartekst nynorsken, kultur og skule hand i hand.

2. Det må vere skulepolitisk og pedagogisk vilje til å sjå på det nettopp som eit fag - som krev arbeid for å oppnå læring.

Førande talsfolk for dei ulike partia har så mange andre marknadsføringsbehov og mål å ivareta at nynorsken no kjem i andre rekkje.

Difor må strategien vere å satse maksimalt på fotfolket i partia Eg er sikker på at det finst ei grasrot i dei fleste partia – kanskje alle – som kan mobiliserast.

Viss alle kommunestyrerepr i LNK massivt køyrer på eigne parti, vil det vere ein god start.

Strategivurdering:
Sidemålsstilen og eksamen er viktige, men samstundes må det ikkje skapast inntrykk av at målsaka står eller fell med dette.

Saka - nynorsk for alle – er like viktig sjølv om Clemet får det som ho vil no.

Samstundes: Det varer sjølvsagt ikkje lenge etter at sidemålseksamen er avskaffa før kravet om at offentleg tilsette skal meistre begge målformer i endå større grad enn no blir framstilt som eit overgrep og som mindretalstyranni.

Men målfolket må levere noko meir enn ei formalistisk grunngjeving forankra i mållova.
Vi må også gje motstandarane/skeptikarane/tvilarane rett av og til. Dei kan ha viktige poeng.
- Det er rett at sidemålsnynorsken stort sett er av dårleg kvalitet. Det er ikkje heilt rett: Han er ofte elendig.

Det er rett at elevmotstanden er stor og reell.
Vi har gode argument, kultur og litteratur. Dei beste historiene å fortelje.
I tillegg så må målfolket vere i front for å vidareutvikle norsk som bruksspråk på alle område – stå imot engelskinvasjonen
Og så slår vi med tyngde fast at vi har to målformer. Det er ein rikdom. Begge skal lærast. Basta. Det er det enklaste – og det beste.

II Andre arenaer
Skulen er ein viktig målarena. Men det finst andre arenaer som også er viktige – kanskje til og med viktigare. Det er her det må lagast nye kampsaker - helst vinnarsaker.

1. Media
Eg veit det er lettare sagt enn gjort: Men eg meiner at det må nymobiliserast for at nynorskbrukande journalistar kan bruke nynorsk i dei store riksavisene.
Viss det er utenkeleg, ja så har vi ei dårleg sak i det store og det heile.

Lag opprop, kjedebrev, kall inn til møte, bygg opp med entusiasme, ikkje trugsmål.

Prøv å lure Dagbladet eller VG til å vere først med å referere kampen mellom Sogndal og Viking på nynorsk. Javisst, det blir og hyl og skrik og protestar – viktige ingrediensar i fotballkulturen. Sjølvsagt er det mogeleg. Fotballentusiastane har høyrt målrike referat frå Fosshaugadn i årevis.

2. Idretten – toppidretten.

Dette ville bygge bru til ei anna folkerørsle – idretten. Idrettsorganisasjonane er så godt som reinska for nynorsk. Det er eit paradoks. For her er det tale om to folkerørsler – målsaka og folkeidretten.

Nynorsk burde ha ein sikker plass i idretten. Og det er ikkje umogeleg. Men det trengst innsats og noko tid til å endre haldningar, til å bygge bru og bevisstgjere.

Kulturminister Valgjerd har no nakketak på idretten. Få ho til å krevje at idretten, som fryktelege gjerne vil vere ein del av kulturpolitikken, skal leve opp til kulturmeldinga sine ambisjonar for nynorsken

Fotfeste for nynorsk i idretten må vere ei kamp – og vinnarsak.
- Om ein vil nynorsken vel, byggjer ein opp under både den aristokratiske sida og den folkelege sida, som Ragnar Hovland har uttrykt det

3. Fagrørsla
Fagrørsla er ikkje fri for nynorsk, men det er ikkje langt unna. Særleg gjeld dette den delen som tradisjonelt er knytt til arbeidarrørsla. Eg kan ikkje hugse ein einaste gong å ha sett eit skriv på nynorsk frå LO sentralt. Ein del andre organisasjonar og forbund utanfor LO har rett nok både vedtak og praksis som gir rom for nynorsk. Men stort sett er dette unntak.

Til dags dato har eg knapt sett ein forhandlingsprotokoll på nynorsk. Det er klart dette er ein mangelsjukdom! Det er eit paradoks at vi som arbeider under overskrifta solidaritet og kollektiv kraft ikkje har greidd – og ikkje har lagt vinn på å få til endringar. Men også her er det tale om å bryte solide tradisjonar og innarbeidd praksis.

4. Handel og marknadsføring.

På dette område nyttar det ikkje med argument. Her er det lønnsemd som gjeld. Ikkje eingong i typiske nynorskdistrikt er det godt nok å handle på målet.
Endringar – det vil seie forbetringar – her vil kome når vi lykkast med dei andre vinnarsakene; media/aviser, idrett, fagrørsla. Handelsfolket og marknadsførarane vil meir enn dei fleste andre vere på vinnarlaget.
La dei kjempe om å få bli med på vinnarlaget. Og det går an – når Arne Hjeltnes frå Voss sel fisk i Austen, må meir vere mogeleg.

Avrunding
I mellomtida kan vi lytte til «Side brok». Eit illustrerande døme på kva form har å seie…
- Men også på at nynorsken og dialektane toler nye framstillingsformer og tener på det. Dette handlar både om å ha sjølvtillit og å vere dristig. Vangsgutane er bra, men kvar er mangfaldet? Kanskje er det her meir enn vi tenkjer over.
Skryt litt meir; når rosa mållaget Flo-karane for glitrande dialektbruk, eller Kari Traa.

Hovudpoenget er at ein utvida strategi må bygge på alliansar og nettverk i tilegg til dei tradisjonelle, intellektuelle nynorskmiljøa som først og fremst er knytt til utdanning, kultur og offentleg forvalting. Då må vi på fleire arenaer. Her er det mykje å hente, men ein må våge å tilpasse seg. Spele på andre grupper sine premissar og interesser.

Målkamp skal vere artig. Det blir artigare når ein kjem frå forsvar til angrep.

Mot til å meine – kraft til å endre, sa Garborg
Det var det gamle Ivar satsa på og greidde. Merket det stend – og målfolket stuper slett ikkje.

Takk for at de høyrde på.
Lukke til.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no