Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsfråsegn om omdanninga av Norsk språkråd

 (28.04.2004)

Melding. 28.04.04. Styret i Noregs Mållag har vedteke ei høyringsfråsegn om omdanninga av Norsk språkråd. Fråsegna går til Kultur- og kyrkjedepartementet.

Høyringsfråsegn frå Noregs Mållag:


Omdanninga av Norsk språkråd
Noregs Mållag viser til høyringsfråsegn frå Kultur- og kyrkjedepartementet om omdanninga av Norsk språkråd. Etter avtale med seniorrådgivar Ingvar Engen har Noregs Mållag fått utsett innsendinga av fråsegn til etter ordinært styremøte i Noregs Mållag 22. april 2004.

Hovudsyn
Omdanninga av Norsk språkråd til eit nytt språkorgan må sjåast i samanheng med kva som skal vere dei overordna måla for offentleg språkpolitikk i Noreg. Noregs Mållag ynskjer ein slagkraftig og framtidsretta språkpolitikk som er med på å sikre norsk som samfunnsberande språk i Noreg, og som fremjer reell jamstelling mellom nynorsk og bokmål. Språkpolitikken må tryggje rettar åt språkbrukarane, fremje språkleg toleranse og stø opp om dei verdiane som den norske språkkulturen representerer. I så måte ser Noregs Mållag det som viktig å vidareføre ein del viktige føremål frå Norsk språkråd, med eit lovheimla og politisk språkorgan, samstundes som det skjer ei modernisering og styrking av språkpolitikken.
Noregs Mållag ser fleire gode sider ved framlegget til nytt språkpolitisk organ. Der er samstundes fleire uklåre moment og føresetnader; desse må presiserast og forbetrast. Noregs Mållag hadde generelt føresett grundigare analysar i tråd med dei som t.d. har kome i Sverige, jf. utgreiinga «Mål i mun».

Vi vil her fokusere på ein del moment som etter vårt syn har trong for presisering og/eller forbetring:

1. Det nye språkorganet må ha ein lovbasis.

2. Det nye språkorganet må ha ei representativ organisasjonsform

3. Det nye språkorganet må få kome med politiske utspel
4. Det nye språkorganet må framleis arbeide med språknormering

5. Det nye språkorganet må fremje norsk som funksjonelt språk i alle samfunnsområde

6. Det nye språkorganet må fremje jamstelling gjennom særleg tiltak for nynorsken.

7. Det nye språkorganet må handsame spørsmål knytte til «språk i Noreg»

8. Det nye språkorganet må fremje rettane til språkbrukaren

9. Det nye språkorganet må fremje nordisk samarbeid om språkspørsmål

10. Det nye språkorganet må formidle norsk språk og språkpolitikk

11. Det nye språkorganet må lokaliserast utanfor Oslo, og knyte band til viktige brukarmiljø og fagmiljø

Mål, mandat og arbeidsoppgåver – hovudsyn

1. Det nye språkorganet må ha ein lovbasis

Då Stortinget handsama tilrådingane frå Vogtkomiteen i mai 1970, var det Stortinget som i siste instans hadde ansvar for stategi, tiltak og ressurstildeling i høve til språkpolitikken. Denne politiske basisen er det viktig å halde fast ved. Språkpolitikk må ikkje nedgraderast til å verte eit reint kulturspørsmål, eller ei bisak som ein finn att i ulike kontekstar under ei lang rekkje saksområde og institusjonar.
Samstundes må det framtidige språkorganet ha ein sjølvstendig status som ikkje lett kan endrast eller organiserast bort etter skiftande politiske, administrative eller økonomiske prioriteringar. Den beste måten å gjere det på er å heimle både institusjon og verksemd i lov. Dette vart i 1971 gjort gjennom Lov om Norsk språkråd.
Noregs Mållag vil difor gå sterkt inn for at det nye språkorganet vert oppretta ved lov, og får det langsiktige mandatet sitt formulert som del av lovteksten. Dette bør skje i den planlagde lovproposisjonen som departementet vil ta til å arbeide med i nær framtid, slik at avvikling av Norsk språkråd umiddelbart vert fylgd av lovheimla oppretting av ny institusjon frå 1.1.2005.

2. Det nye språkorganet må ha ei representativ organisasjonsform

Det er viktig å halde norsk språkpolitikk under demokratisk og folkevald kontroll. Det språkpolitiske arbeidsområdet bør organiserast slik at det er lett å halde oversyn både over direkte språkpolitiske tiltak, og verknader for for språkbruk av tiltak på andre område. Det trengst med andre ord ei offentleg vaktbikkje både for språkrøkt, språkvern og vern om dei språklege rettane til norske borgarar. Det føreset kontakt med viktige språkbrukargrupper.
Når det gjeld sjølve organisasjonsmåten for eit nytt språkorgan, kan ein (i tillegg til styret) til dømes ha rådgjevande forsamlingar med rett til å gjere vedtak i spesielle saker. Språkorganet kan såleis få plikt til å leggje ulike saksområde fram for spesielle forum. Det avgjerande er at vedtaksframlegg og fråsegner i store spørsmål ikkje går ut utan ryggstø. Det er òg viktig at det framtidige språkorganet ikkje forsømer arbeidsoppgåver på grunn av manglande forum for kritikk og debatt.
Noregs Mållag står i ein unik posisjon. Det er den største nynorskorganisasjonen og språkorganisasjonen i det heile, med over 10 300 medlemer, og står bak ei rad tiltak. Dersom eit språkpolitisk organ skal ha legitimitet i nynorskverda, føreset vi at Noregs Mållag vert representert.

3. Det nye språkorganet må få kome med politiske utspel

Det noverande Norsk språkråd har gjennom leiarar og styre kome med fleire språkpolitiske utspel, t.d. om sidemålet og om engelskpåverknad på norsk. Noregs Mållag meiner denne funksjonen er viktig. Det nye språkorganet må ikkje verte avpolitisert og byåkratisert. Det er igjen med på å underbyggje resonnementet om ei representativ organisasjonsform.

4. Det nye språkorganet må framleis arbeide med språknormering

Noregs Mållag seier seg glad for at samnorskpolitikken er avslutta, og at nynorsk og bokmål skal normerast på sjølvstendig grunnlag.
Noregs Mållag ser det som viktig å vidareføre den demokratiske normeringstradisjonen som ligg attom nynorsken, med at skriftspråket skal byggje på dialektane, og at ein skal fremje enkel setningsbygnad og folkeleg seiemåte. Samstundes har nynorsken fått ein eigen skrifttradisjon, og skrifttradisjonen utgjer i dag hovudgrunnlaget for å vurderere normeringa av nynorsken. På bakgrunn av landsmøtevedtak i 1999 og 2002 stør såleis Noregs Mållag målet om stabilitet i rettskrivinga. Utgangspunktet for normeringa av nynorsken må vere nynorsken slik han er i dag.
Noregs Mållag ser trongen for at det i norsk, til liks med i andre språk, framleis vert drive normering. Det trengst eit system for godkjenning av ordlister og ordbøker til skulebruk, for tilråding/fastsetjing av rettskriving for nyord, for initiativ og pådriving for å få fram andre nødvendige språkverktøy. Dette normeringsarbeidet må drivast på solid fagleg grunnlag og i nært samarbeid med andre institusjonar som har dokumentasjon og utforsking av norsk språk som oppgåve.
Noregs Mållag meiner det er sjølvsagt at det nye språkorganet får eit hovudansvar for språknormeringa.
Noregs Mållag meiner vidare at det i normeringsarbeidet må vere ei form for kulturpolitisk medverknad. Gjennom Noregs Mållag har det vore råd for nynorskbrukarar å få formidla og diskutert normspørsmål. Vi ser det som ein verdi at røysta frå Noregs Mållag vert å høyre i normeringsspørsmål i det nye språkorganet.
I visse tilfelle er det i språknormeringa føremålstenleg med eit samarbeid mellom nynorsk- og bokmålsnormeringa; det gjeld fyrst og fremst stavinga av lånord og nyord. I slike tilfelle vil vi òg peike på trongen for nordisk samarbeid.

5. Det nye språkorganet må fremje norsk som funksjonelt språk i alle samfunnsområde

Noregs Mållag stør målet om at det nye språkorganet «skal aktivt fremja bruk av norsk språk som ein funksjonell reiskap i alle delar av samfunnet». Det kulturpolitiske grunnlaget for eit slikt mål er at norsk språk treng ei særskild styrking i ei tid og i eit samfunn prega av global språkkonkurranse og marknadskrefter. Det tilseier ei særleg styrking av norsk andsynes engelsk og av ei særleg støtte til nynorsken.
For å fremje bruken av norsk språk, trengst det fagleg kunnskap, faglege analysar og oversiktsarbeid. Det er viktig å få oversyn over den faktiske bruken av norsk på ulike samfunnsområde (norsk i utdanning, media og arbeidsliv; krav om norskkunnskapar for arbeidsinnvandrarar); oversyn over dei lover og reglar som gjeld har relevans for norsk som bruksspråk og kva konsekvensar desse har (jf. t.d. universitetslova som sløyfa kravet om norsk som undervisningsspråk).
Ved sida av granskingsarbeidet må organet òg kunne peike på tiltak for å fremje bruken av norsk i dei ulike områda. I tillegg må organet ha både ein rett og ei plikt til å uttale seg om uheldige verknader for norsk språk på grunn av den allmenne samfunnsutviklinga eller konkrete offentlege vedtak og tiltak.
I arbeidet for norsk som funksjonelt språk, vil arbeid med fagspråk, terminologi og tekstkompetanse vere viktig. Ut frå jamstellingsprinsippet føreset vi at det vert lagt vekt på dei utfordringane som gjeld for nynorsk. Her er samarbeid med fagmiljø vesentleg.

6. Det nye språkorganet må fremje jamstelling gjennom særleg tiltak for nynorsken

Kulturmeldinga har gode intensjonar om å styrkje nynorsk skriftkultur gjennom «positiv diskriminering». Desse intensjonane fekk gjennomslag då Stortinget handsama Kulturmeldinga.
I dag er språkstoda ofte prega av negativ diskriminering av nynorsk, jf. dei mange brota på Mållova og intensjonane med Mållova. Døme: Posten var tidlegare pliktig å følgja Mållova, jamfør utdrag av sentrale reglar over om helseføretaka. Etter at dei vart statleg aksjeselskap vart det opna for ei mildare tolking av målbruken gjennom dei nye vedtektene: «Prinsippa i mållova skal følgjast så langt råd er, men likevel ikkje slik at det utgjer nokon ulempe av betydning i høve til private konkurrentar.»

Den nye praksisen frå Posten:
- Det er ikkje lenger råd å få omadressert posten sin med nynorske blankettar. Dei skal tingast over internett og vert deretter skrivne ut ferdig med gamal og ny adresse til den som flyttar. Grunnteksten her er på bokmål.
- Hausten 2003 hadde Posten ein marknadsføringskampanje i Sogn og Fjordane der kva annonse er tilpassa den lokale marknaden med namn og bilete til ein lokal kunderådgjevar. Likevel er annonseteksten på bokmål i heile fylket. Det vart i tillegg delt ut «julestri-kalenderar» for desember, også desse har bokmålstekst.
- For firma / organisasjonar er det ikkje råd å tinga ferdigfrankerte konvoluttar med eigen firmalogo på nynorsk. Denne tenesta finst berre på bokmål. Posten skriv i klagesvar at det ikkje svarar seg å ha eit eige opplag av ferdigfrankerte konvoluttar med frankeringsmerke påtrykt Noreg.
- Posten Noreg AS – Logistikk sende før årsskiftet ut brosjyre til bedrifter «Prisliste 2004». Denne er på bokmål også til bedrifter i nynorskkommunar.
- Etter omlegginga til nye frankeringsmaskiner med førehandsbetaling av porto, er det ikkje lenger råd å få frankeringsmerke med «Noreg». Dette var mogleg på dei gamle frankeringsmaskinene. Det inneber at til dømes alle dei godt over 100 nynorskkommunane må stempla all posten sin med «Norge».
- Ålmenn tilbakemelding frå mange medlemer er at det no mest berre er bokmålsplakatar, bokmålsbrosjyrar osb. på postkontora og i posthandlane. Nynorskbrukarar opplever ei markert forverring i språkbruken etter at Posten vart aksjeselskap.

Helseføretaka skal fylgje Mållova (jf. brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Helsedepartementet 23. januar 2002 og vedtak i Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mars 2004). Døme på brot på Mållova og dårleg skjønn i bruk av målform:

- Helse Nordmøre og Romsdal er språkleg nøytral etter mållova og skal veksla mellom dei to målformene. Dei har vedteke å bruka namnet sykehus, som berre kan brukast på bokmål, i staden for sjukehus som er lov å bruka på både bokmål og nynorsk. Alle stillingar ser ut til å verta lyste ut på bokmål. I nyhendebrevet som kjem kvar månad er det i fjor registrert éi melding på nynorsk.
- Helse Vest skal ha nynorsk tenestemål etter mållova. Like fullt er dei fleste utlysingstekstane for ledige stillingar på bokmål. Internbladet til Helse Fonna har ei klar overvekt av bokmål i sine artiklar. Alle skriv frå Helse Bergen til andre helseføretak (mellom anna Voss) er på bokmål. Informasjonen på heimesidene er også på bokmål.
- Helse Sør har vedteke namneendring frå Telemark sentralsjukehus til Sykehuset Telemark. Telemark fylke er rekna som nøytral etter mållova fordi eit fleirtal av kommunane har nøytralt tenestemål. Det er 10 språknøytrale kommunar og 8 nynorskkommunar i Telemark. Då verkar det underleg å velja ei namneform på sjukehuset i fylket som berre er lov i bokmål, også med tanke på at forma sjukehus er godkjent språkbruk i både bokmål og nynorsk. Vi viser her til at Telemark Mållag i NRk 20. april 2004 har varsla at ein vil gå til søksmål mot Helse Sør, pga. helseføretaket ikkje vil endre namn frå Sykehuset Telemark til Telemark Sjukehus.

Vi føreset at det nye språkorganet vil vere kontrollorgan for Mållova, og vil peike på tilfelle der òg intensjonane med lova vert brotne.
For å oppnå jamstelling, vil det vere naturleg for språkorganet å sysle med politiske tiltak eller kome med framlegg til politiske tiltak for å oppnå «positiv diskriminering». Komitmerknadene til Kulturmeldinga kjem med fleire gode idéar i så måte.

7. Det nye språkorganet må handsame spørsmål knytte til «språk i Noreg»

Departementet har reist spørsmål om «språksituasjonen for personer med fremmedkulturell bakgrunn bør inngå som et ansvar for den nye institusjonen. Departementet legger til grunn at det i forbindelse med etableringen ikke er aktuelt å tillegge institusjonen et slikt utvidet ansvar.»
Noreg er eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Ein demokratisk og framtidsretta språkpolitikk kan ikkje berre handsame norsk språk, men må òg take omsyn til språk i Noreg og til språkbrukarar i Noreg. Noregs Mållag vil for sin del vise til rapporten «Language Education Policy Profile for Norway» (2003) der ei ekspertgruppe frå Europarådet peikar på det potensialet språkleg pluralitet gir for språlæring, toleranse og danning til demokrati. Dette er synsmåtar og perspektiv som òg bør vere retningsgivande for den norske språkpolitikken.
Samstundes har vi som føresetnad er at det nye språkorganet skal ha fokus på norsk språk. Der er ingen andre land som har eit slikt fokus på norsk. Såleis er det både legitimt og naudsynt med ei hierarkisering mellom jamstelte nasjonalspråk, urfolkspråk, heimlege minoritetsspråk og nye minoritetsspråk. Ei slik hierarkisering og vektlegging av norsk skuggar likevel ikkje for at ein òg tek opp spørsmål knytte til morsmålsopplæring, norsk som andrespråk, tospråklegheit og språkrettar for andre språk enn norsk. Det bør lagast ei utgreiing om korleis det arbeidet skal gjerast, og kva omfang det skal ha.

8. Det nye språkorganet må fremje rettane til språkbrukaren

Den norske staten har skrive under internasjonale avtalar for språklege rettar. Det nye språkorganet er det rette til å føre tilsyn og fungere som appellinstans for slike rettar.

9. Det nye språkorganet må fremje nordisk samarbeid om språkspørsmål

Norden utgjer ein språkfellesskap på kring 20 millionar menneske. Det er viktig å halde oppe og styrkje fellesskapen. Det nordiske språksamarbeidet er tett og bør få nødvendige ressursar til å halde fram.
Det nordiske språkarbeidet - i kvart land og samla - byggjer på sams, demokratiske prinsipp og grunnhaldningar, i klar opposisjon til språkpolitikken i dei større europeiske landa (dei tidlegare kolonimaktene i sær). Andsynes ein storspråk/småspråkssituasjon er det viktig å halde oppe banda til dei landa som ser på og organiserer språkpolitikken sin etter tilsvarande prinsipp som Noreg.

10. Det nye språkorganet må formidle norsk språk og språkpolitikk

Norsk språkråd har gjort mykje godt arbeid for språkformidling, men betre dialog med publikum og ei meir synleg rolle ville vere av det gode. Vi stør den vektlegginga Kulturdepartementet gjer av denne sida av verksemda. Det bør understrekast at aktiv deltaking i samfunnsdebatten om språkspørsmål føreset særskilt kompetanse og legitimitet, i tillegg til ressursar. Her vil igjen samfunnstilknytinga åt organet vere viktig å take omsyn til.

11. Det nye språkorganet må lokaliserast utanfor Oslo, og knyte band til viktige brukarmiljø og fagmiljø

I og med at det skal opprettast eit nytt språkpolitisk organ, står ein friare når det gjeld lokalisering. Ei etablering utanfor Oslo vil kunne fungere positivt. Etter Noregs Mållag sitt syn er det føremålstenleg å få etablert eit organ på ein stad der ein kan sjå det språkpolitiske landskapet med andre briller enn dei som vert nytta i kulturlivet i Oslo. Politisk sett er dette viktig, ikkje minst når ein tek omsyn til dei åtaka som har kome mot nynorsken i Oslo dei siste åra. I tråd med det samrøystes landsmøtevedtaket vårt frå 2003 peikar Bergen seg ut, med sterkt språkfagleg miljø, språkteknologi- og terminologimiljø, innslag av både bokmål og nynorsk og andrespråksmiljø.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no