Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Klar melding frå Bondeungdomslaget i Bergen!

 (27.04.2004)

Melding. 27.04.04. Bondeungdomslaget i Bergen, samla til 95-års høgtid måndag 26. april 2004, har samrøystes vedteke ei fråsegn til støtte for å styrke sidemålsopplæringa.

Til
Stortingskomiteen for kyrkje, utdanning og forsking
Partigruppene på Stortinget
Stortingsrepresentantane frå Hordaland

Bondeungdomslaget i Bergen, samla til 95-års høgtid 26. april, har samrøystes vedteke denne fråsegna:

STYRK SIDEMÅLSOPPLÆRINGA
Regjeringa kjem i stortingsmeldinga Kultur for Læring med eit alvorleg åtak på sidemålsordninga. Regjeringa vil ta bort skriftleg eksamen i ungdomsskulen og vil gjere sidemål til trekkfag i vidaregåande skule.

Jamstellinga mellom nynorsk og bokmål er i fare dersom det ikkje vert stilt formelle krav til kompetanse i begge målformene. I praksis er det då nynorsk som vert råka. Bondeungdomslaget i Bergen går sterkt imot å fjerne eksamen i sidemål.

Dersom det berre er hovudmålet som skal ha skriftleg vurdering i ungdomsskulen, og berre nokre få elevar vert uttrekte til sidemålseksamen i vidaregåande skule, er det ei kraftig nedgradering av sidemålet. Det signaliserer at sidemål er ein mindre viktig del av norskfaget.

For å oppnå reell jamstelling mellom skriftspråka må ein i staden styrke sidemålsopplæringa og ha lik vurdering i begge språkformer for alle elevar i skulen.

Bondeungdomslaget i Bergen meiner at det er svært bra at ein vil styrke arbeidet med nynorsk kultur, og at det vert sett i gang systematiske forsøks- og utviklingsarbeid for å styrke sidemålsopplæringa. Dette står likevel i sterk motsetning til framlegget om å fjerne eksamen og vurdering i sidemål.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no