Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endre Brunstad attvald som leiar i Mållaget

 (25.04.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 25.04.04. Med overveldande applaus fekk Endre Brunstad ny tillit som leiar for Noregs Mållag. Brunstad går med dette på sin andre periode som leiar.
– Kampen for sidemålet er den viktigaste arbeidsoppgåva for målrørsla i den næraste tida, sa Endre Brunstad i avslutningstala til landsmøtet i Ålesund.

Endre Brunstad kjem frå Sykkylven, men er no busett i Bergen, der han er tilsett ved Nordisk Institutt ved Universitetet i Bergen.

Nils Ulvund (55) frå Ålvundfjord i Møre og Romsdal vart vald som ny nestleiar. Med mange år som aktiv i lokal- og fylkeslag i både Mållaget og Nordmøre Ungdomslag tek Ulvund med seg svært verdifulle røynsler inn i styret i Noregs Mållag. Ulvund framhevar også at han ønskjer å nytte desse røynslene til å byggje og styrkje organisasjonen. Han framhevar òg kulturformidling for born og positive sidemålsforsøk, slik som Åndalsnesmodellen, som område han særleg ønskjer å arbeide med i styret. Ulvund er til dagleg lærar og bonde.

Resten av det nye styret ser slik ut: Styremedlemer: Elisabeth Bakke, Oslo, Anne Steinsvik Nordal, Volda, Karstein Bjørge, Sotra og Berit Rekve frå Oslo. Gudrun Kløve Juuhl er vald inn for Norsk Målungdom. Resten av styret ser slik ut: 1. vara Ragnar Lurås, Skien, 2. vara Bodil Haug, Fagernes, 3. vara Herleiv Haugland, Hjelsa og 4. vara Sæbjørn Forberg frå Skjåk.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Nils Ulvund, nyvald nestleiar i Noregs Mållag, 71 69 82 88 (h)

Bilete av <a href="http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg">Endre Brunstad ligg her</a>
Bilete av <a href="http://www.nm.no//filer/Nils%5FUlvund%5F2%2EJPG">Nils Ulvund ligg her</a>
Bilete av <a href="http://www.nm.no//filer/Nils%5FUlvund%5Fog%5FEndre%5FBrunstad%2Ejpg">dei to saman ligg her</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no