Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Styrk sidemålsopplæringa!

 (25.04.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 25. 04.04. Regjeringa kjem i stortingsmeldinga Kultur for læring med eit alvorleg åtak på sidemålsordninga. Regjeringa vil ta bort skriftleg eksamen i ungdomsskulen og vil gjere sidemål til trekkfag i vidaregåande skule.
– Noregs Mållag går sterkt imot å fjerna eksamen i sidemål før ein eventuelt fjernar eksamen i heile norskfaget, slår Endre Brunstad fast. Noregs Mållag har hatt landsmøte i Ålesund i helga. Her har målrørsla lagt strategien for å vinne fram i sidemålsspørsmålet.

– Eit kampklart landsmøte i Noregs Mållag ser på framlegget som ei devaluering av statusen til sidemålet. Jamstellinga mellom nynorsk og bokmål er i fare dersom det ikkje vert stilt formelle krav til kompetanse i båe målformene. I praksis er det då nynorsken som vil verte råka, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Med innføring av nasjonale prøver i lesing, skriving, matematikk og engelsk for alle elevar på 4., 7. og 10. trinn i grunnopplæringa og første året i vidaregåande opplæring, ser skulen ut til å verte sterkt prega av vurdering. Erfaringar frå andre land som har brukt liknande prøver, viser at dei fag som ikkje vert vurderte, vert nedprioriterte i undervisinga. Dersom det berre er hovudmålet som skal ha skriftleg vurdering i ungdomsskulen, og berre nokre få elevar vert uttrekte til sidemålseksamen i vidaregåande skule, er det ei kraftig degradering av sidemålet. Det signaliserer at sidemål er ein mindre viktig del av norskfaget.

– For å oppnå reell jamstelling mellom skriftspråka må ein i staden styrkje sidemålsopplæringa og ha lik vurdering i begge språkformer for alle elevar i skulen, seier Endre Brunstad.

Noregs Mållag krev at skriftleg sidemål kjem inn i vurderingsgrunnlaget i norskfaget gjennom dei nasjonale prøvene. Prøvene i lesing og skriving på 7. og 11. trinn er høvelege tidspunkt for dette. Nasjonale prøver skal også kartleggje læringsstrategiar, motivasjon og meistringsoppleving, og dette kan vere ein del av grunnlaget for å utvikle sidemålsundervisninga til ein betre del av norskopplæringa.

Noregs Mållag meiner at det er svært bra at ein vil styrkje arbeidet med nynorsk kultur, og at det vert sett i gang systematiske forsøks- og utviklingsarbeid for å styrkje sidemålsopplæringa. Dette står likevel i sterk motsetning til framlegget om å fjerne eksamen og vurdering i sidemål.

For meir informasjon: Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)

Bilete av: <a href="http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg">Endre Brunstad ligg her</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no