Are Kalvø har fått Målprisen til Noregs Mållag. På festmiddagen på landsmøtet mottok han Målprisen frå Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.
– Prisvinnaren står i ein unik posisjon i den norske humorverda. Han har fornya den norske satiren, og han har gjort det på nynorsk, sa Endre Brunstad under utdelinga. Are Kalvø kan parodiere alt. Han er dagsaktuell, han er ofte samfunnskritisk/mediekritisk, han har det typiske skrå blikket og raljerer med kvardagsliv.
Han er ikkje nedlatande anten det gjeld folkeliv i Syden eller harryane, men slår til mot dei oppe i samfunnet. Han er rett og slett ein moderne nynorsking. Kalvø opnar nye rom for nynorsken.
– Nynorsken kan brukast til alt, takka Are Kalvø. Det er viktig å syne fram at det er dei tøffaste folka brukar nynorsk. At det er dei tøffaste rapparane og dei tøffaste forfattarane som brukar nynorsk, smilte Are Kalvø til stor applaus.
Her kan du sjå kven andre som har vunne <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9415/41242">målprisen frå Noregs Mållag</a>.
Vil du lese meir om korleis Are Kalvø ser på livet? Les intervju i <a href="http://www.dagsavisen.no/dagens_navn/article1111620.ece">dagsavisen</a> eller sjekk <a href="http://www.arekalvo.no/syning.asp">www.arekalvo.no</a>.
Last ned: <a href="http://www.nm.no//filer/Are%5FKvalv%F8%5Fog%5FEndre%5FBrunstad%2Ejpg">prisbilete av Are Kalvø og Endre Brunstad</a> (Foto: Hege Lothe)