Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk på Gardermoen

 (24.04.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 24.04.04. Landsmøtet i Noregs Mållag 2004 krev at hovudlufthamna på Gardermoen vert skilta på både bokmål og nynorsk. Det vil gjera det språklege mangfaldet synleg, og visa at Noreg er ein tospråkleg stat.

Skilting på fleire språk er det mest vanlege verda over. Oslo lufthamn er nasjonal hovudflyplass. Det bør difor vera synleg her at det finst to norske skriftmål i Noreg.

I Noreg har me også ein språkleg minoritet som bør verta meir synleg i ålmenta: Samisk språk bør ha ein sjølvsagt plass når ein skiltar offentlege bygg og stader. Noregs Mållag viser til Kulturmeldinga, der regjeringa legg vekt på at samisk bør synleggjerast i det offentlege rom, også utanfor samiske område.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no