Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Geir Grav og Torill Tørjesen

 (24.04.2004)

På landsmøtet fekk Geir Grav og Torill Tørjesen Målblomen for 2004. – Målblomen for 2004 går til to personar som kvar for seg har skapt eit av dei sterkaste argumenta for meir sidemål i skulen, sa Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.


Dei to har lagt til rettes for at bokmålselevane har fått nynorske lærebøker i andre fag enn norskfaget, den såkalla åndalsnesmodellen. Forsøket går ut på at elevane nyttar nynorsk i alt skriftleg tilfang – tavle, lærebøker og prøver – i andre fag enn norsk. Føremålet er å sjå om auka bruk av nynorsk fører til endra haldningar og betre dugleik i nynorsk.

Under overrekkinga av målblomen sa Endre Brunstad mellom anna dette:

I juni 2002 hadde Noregs Mållag og Rauma Mållag eit møte med rektor på Åndalsnes ungdomsskule, Geir Grav. Der og då vart ideen utvikla: kvifor ikkje styrkje nynorskundervisninga generelt ved å la bokmålselevar bruke sidemål meir. Resultatet vart den vidgjetne åndalsnesmodellen som no breier seg vide ikring frå Troms i nord til Oslo i sør. Utan engasjementet og ikkje minst den positive viljen til rektor Geir Grav, ville det aldri ha funnest nokon åndalsnesmodell.

Ein av desse stadene der modellen vart teken i bruk er Holmlia skole i Oslo. På denne skulen har dei ein lektor som brenn for nynorsk. Då lektor Torill Tørjesen fekk nyss om det positive sidemålsforsøket i Åndalsnes gjekk det ikkje lang tid før ting skjedde på Holmlia: På skulen gjennomfører 50 elevar på 9. klassesteget forsøket, med stor suksess.

Torill Tørjesen la merke til korleis visse politiske miljø freista spele mynt på illvilje mot nynorsk hjå elevar i Oslo-skulen – og kasta seg rundt i denne striden med:

I lag med Noregs Mållag har Tørjesen og elevane hennar vore på møte med politikarar og lagt fram sidemålsforsøket på skulen og såleis påvist at problemet i skulen er for lite sidemål, ikkje for mykje, slik visse politiske miljø påstår.

I sidemålsordskiftet i Stortinget oktober 2003 vart forsøka på Åndalsnes og Holmlia dregne fram som døme på at der er mogleg å styrkje nynorskundervisninga, at det er mogleg å endre haldningane til elevane, at å gjere elevane flinkare i nynorsk ikkje gjer elevane dårlegare i bokmål.

De har gjort dykk vel fortente til å få målblomen 2004!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no