Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gatekonsert for sidemålet!

 (23.04.2004)

Side Brok gjorde braksuksess på gatekonserten for nynorsk i Ålesund. Om lag 500 unge og vaksne hadde møtt fram og skapte ei fantastisk stemning på markeringa!

Det var stor stemning i gågata i Ålesund denne føremiddagen. Noregs Mållag og Norsk Målungdom inviterte til gatekonsert for nynorsk, og folk møtte opp.

Først gjekk Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, på scena for ønskje alle velkomen. Han måtte utsette starten på tilskipinga fordi det kom så mange elevar!

Deretter tok Side Brok over på scena. Dei var usikre på korleis det skulle bli å halde gatekonsert midt på lyse dagen.
– Dette var kjekt, smilte Bård Aasen
Lødemel, ein av dei kule karane i Side Brok.
<!--@bilde 18819,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/acf34e.jpg" width=227 height=170 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="God stemning på gatekonserten">
Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom, held ein kort appell før Marie Lovise Widnes. Etter hennar appell var få i tvil om at stortingspolitikarane skal få problem med å vedta å fjerne eksamen i sidemål på ungdomsskulen og gjere sidemålet om til trekkfag i vidaregåande skule.

Jacqueline Lindløkke (t.v.) og Tine Marie Skogli frå Fagerlia vidaregåande skole var også på konserten.
<!--@bilde 18820,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/jacqueline_og_tine_.jpg" width=227 height=302 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Jacqueline og Tine*">
– Dette var veldig kult,
seier Jacqueline Lindløkke. Ho kjem
frå Tennfjord og har fått opplæring i
nynorsk.
– Dette var ein bra konsert, seier Tine.
Tine kjem frå Valldalen på Sunnmøre
og har helde fast
på nynorsk som hovudmål.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no