Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Leiartale på landsmøtet i Ålesund

 (23.04.2004)

Melding. 23.04.04. Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, har helde si første leiartale for landsmøtet i mållaget. Dette vart sagt:

«Gode landsmøte!
Endeleg er vi komne til Sunnmøre. Tre spennande og hektiske landsmøtedagar står framføre oss. Og vi treng all den tid vi har. For nett no står nynorsken framføre fleire viktige slag. Det viktigaste gjeld sidemålet. Det slaget må og skal vi vinne!

Heilt sidan skipinga i 1906 har Noregs Mållag slåst for obligatorisk sidemål. Hovudgrunnlaget har vore, og er, kulturpolitisk. Det handlar om språkleg jamstelling, om Noreg som tospråkleg stat. Jamstelling føreset at kunnskapen om dei to språka er allmenn. Og då må alle få aktiv opplæring i språka. Slik er det mellom anna i Finland, Canada og Catalonia. Fleirtalet lærer mindretalet sitt språk. Dersom det ikkje skjer, fell grunnlaget for språkleg jamstelling. Og det vil gå ut over mindretalsspråket. Difor er åtaka mot sidemålet i praksis åtak mot nynorsken.

Det går bra for nynorsken!
I sidemålsordskiftet kan det stundom verke som det står gale til med nynorsken. Men dersom vi stengjer ute Finn-Erik Vinje, og ser på faktisk språkbruk, vert biletet annleis. Sanninga er at det aldri har vore brukt så mykje nynorsk som i dag, og nynorsken har vunne innpass på nye område. Vi har nynorsk hiphop, nynorsk data og nynorsk syltetøy. Vi har fått ei rad institusjonar som gir nynorsk ei profesjonell støtte. Vi skal no få nynorske helseføretak og administrativ programvare på nynorsk. Og i Sogn og Fjordane er det knapt nok bokmål igjen no. Alt dette er det grunn til å markere. Nynorskbrukarane er heller ikkje så fåe, 640 000, i fylgje ei meiningsmåling utgjord av Opinion i april 2002 for prosjektet «Moderne importord i Norden» (Nordisk språkråd). Utgangspunktet er då ein nynorskprosent på 14,2. Det har dei siste åra, trass regionale tilbakeslag, samla sett vore ein stabilitet i talet på nynorskbrukarar. Det er òg Ottar Hellevik og Håvard Teigen inne på i ”Kampen for språket”. Interessant å merke seg i tala frå Opinion er det at vi finn færrast nynorskbrukarar i aldersgruppa over 60 år (12%). I aldersgruppa under 30 år bruker 15 prosent nynorsk. Nynorsk er altså ikkje eit gammalmannsspråk.

Nynorsk er faktisk eitt av dei største språka i verda!
Men som alle her er klår over: Nynorsken har kanskje aldri vore så hardt pressa som i dag. Eitt moment er alle dei politiske omkampane som går føre seg: omkamp om sidemål, om mållova, stadnamnlova og retten til lærebøker. Eit anna moment er viktige strukturelle utviklingstrekk, ikkje minst marknadsliberalisme, omdanningar i offentleg sektor, urbanisering og sentralisering. Dette vil eg kome tilbake til.

Sidemålet
Åtaka mot sidemålet har hovudsakleg kome frå to politiske parti, Høgre og FrP. Det er alvorleg og synd at Høgre igjen framstår som riksmålsparti. Kvar er det vorte av kulturkonservatismen som mange målfolk faktisk sympatiserer med? Kva med dei fine orda om «kunnskapsskulen» når Høgre vil ha mindre kunnskap i norsk språk? Mange høgrefolk skjemst, men held stort sett kjeft. Unge Høgre får ture fram og seie at nynorsk er fint til dikt, men det er jo så unyttig å lære dette «målføre» på skulen.
Motstanden mot sidemål har vore sentrert kring Oslofjorden. Men motstanden har ikkje vore unison. Tvert om er det fåe lesarbrevemne som har engasjert så for og imot denne vinteren i oslopressa. I vår laga Noregs Mållag eit opprop for sidemål. På kort varsel samla det 3000 underskrifter. (På ei markering på Det Norske Teatret tok byråd for utdanning Torger Ødegaard imot underskriftene – utan å seie eit einaste ord.)

Noregs Mållag har sett i verk fleire sidemålsforsøk. Eitt av dei er ved Holmlia ungdomsskole, og viser at når elevar får ei sidemålsopplæring prega av positive haldningar, tid og kvalitet, så er det ikkje sukk og stønn frå elevane. Elevane «diggar» nynorsk. Også ved andre skular finst det dugande lærarar som gir knakande god sidemålsundervisning. Dette er ofte ukjent. 97 år med sidemål, men ikkje eitt einaste forskingsprosjekt som vurderer faktisk undervisningspraksis. Det ein burde ha gjort no, var å sjå nærmare på dei praksisane som faktisk fungerte, og bruke dei som rollemodellar. I staden er Kristin Clemet oppteken av det negative.

Oslo bystyre har no, etter mykje strid, vedteke å søkje Læringssenteret om fritak for sidemål i tre år ved halvparten av dei vidaregåande skulane. Rett nok er søknaden så dårleg at Læringssenteret – ut frå reglar for forsøk – umogleg kan gjere anna enn å avvise søknaden. Vi skal passe på at dei reglane vert fylgde. Likevel er søknadsvedtaket eit vonbrot, særleg fordi Oslo Arbeidarparti lenge vist velvilje for positive sidemålsforsøk. Årsmøtet i fylkespartiet gjorde vedtak om det: ”Gjør sidemålsundervisningen bedre og mer spennende!” Men så, rett før røystetid, hoppa Oslo AP og Oslo KrF i same senga som Høgre. Dermed har Oslo nok ein gjort sitt beste for å diskvalifisere seg som hovudstad.

Mest alvorleg er det som regjeringa har føreslege. Ho vil fjerne eksamen i sidemål på ungdomsskulen og gjere sidemål til trekkfag på vidaregåande. (I andre fag held ein på eksamen, og det vert allment lagt vekt på prøving av elevane.)
Konsekvensen vil vere at ein ikkje lenger har noko system for å måle kunnskap i sidemål. Statusen til sidemålet vert dermed alvorleg truga.

Under førebuingane til stortingsmeldinga inviterte Utdanningsdepartementet Europarådet til å kome med innspel. Ei ekspertgruppe frå Europarådet kom då med ein språkpolitiske rapport, «Language Education Policy Profile: Expert´s report» (2003). Men dei gav tydelegvis «feil» svar. Europarådsrapporten viser på grunnlag av internasjonal tospråksforsking til det potensialet den norske språkstoda (med mellom anna nynorsk og bokmål) gir for språklæring allment. I tillegg viser rapporten at å tileigne språkleg mangfald må forståast som danning i demokrati. Kva gjer så stortingsmeldinga? Ho avviser heile resonnementet med å seie at det ikkje finst forsking om dette i Noreg. Dinest tryllar ho fram motsett konklusjon.

I stortingsmeldinga heiter det at det finst lite systematisk forsking om sidemål. Det korrekte er at det ikkje finst forsking. Difor heng det ikkje saman når det i neste setninga heiter at forskinga er «delt» i synet på om skriftleg sidemålsopplæring styrkjer eller svekkjer opplæringa i hovudmålet. Kva forsking viser ein då til?

Presentasjonen av forsking på språkhaldningar er også tendensiøs. Stortingsmeldinga viser til at det store fleirtalet av dei spurde i ei gransking om språkkløyvde lærebøker (det vil seie den som Kjell Lars Berge stod bak) var negative til nynorsk (og til språkkløyvde lærebøker). Det stortingsmeldinga ikkje nemner, er at 70% av dei same elevane svara at det var likesæle til heile problemstillinga. Det tyder på at dei negative haldningane til nynorsk ikkje alltid stikk så djupt, og kan endrast på. Det er faktisk ganske viktig og bra. Men Clemet ignorerer det.

Stortingsmeldinga meiner det er «urettferdig» å trekkje hovudmål og sidemål til eksamen. Urettferdig for kven? Svaret er opplagt: For bokmålselevane, for dermed må dei lære både bokmål og nynorsk. Nynorskelevane må lære båe målformene uansett. Her er vi inne på ei stor fare: Nettopp fordi nynorskelevane må lære seg bokmål, er det fare for at fleire nynorskelevar no vil tenkje taktisk, og skifte hovudmål til bokmål, når det berre er det dei skal prøvast i. Her er det elevane i randsona som står mest i fare. Dette ser ikkje stortingsmeldinga, av di ho manglar sosiologisk analyse om språkstoda. Det er uforståeleg same regjeringa la fram Kulturmeldinga.

Så til det positive – eit kompetansesenter til Volda. Då er det interessant å merke seg korleis senteret skal finaniserast. I kapittel tolv i meldinga frå Clemet les vi: Ved å spare pengar på sidemålseksamen!

Det vil vere uforståeleg dersom KrF og Venstre på Stortinget stiller seg bak ein slik nynorskpolitikk. Jon Lilletun har sagt at KrF er tufta på tre motrørsler: målrørsla, fråhaldsrørsla og lekmannsrørsla, og at det vil vere utenkjeleg for KrF å gjere noko for å svekkje nynorsken i samfunnet. Vi tek honom på ordet. Difor er det no heilt naudsynt at vi målfolk fortel politikarar og andre kva som kan verte konsekvensane, og kjem med konstruktive framlegg til forbetringar.

Andre strategiske utfordringar for målrørsla
Desse landsmøtedagane må ha som mål å vidareutvikle Noregs Mållag som ei moderne og framtidsretta rørsle, og stø opp om arbeidet med ei politisk og organisatorisk fornying. Noregs Mållag er no inne i prosess med mellom anna to utval, eitt regionaliseringsutval og eitt internasjonalt utval, som skal leggje fram sine arbeid i god tid før landsmøtet i 2005. Vi får smakebitar frå dei òg på dette landsmøtet. Som kjent er utvalsarbeidet grunnen til at vi i år legg fram eit eittårig arbeidsprogram, med sikte på eit treårig program neste år.

Med ein omfattande vedtaksrunde i 2005, skal vi så vere rusta for å sleppe fram det «nye» Noregs Mållag i samband med 100-årsjubileet i 2006.
1. Ei viktig utfordring reint allment er å gjere nynorsken meir synleg. Meir nynorsk i kvardagen – på mjølkekartongar, på ølflasker og i aviser. Ja, somme vil òg ha porno på nynorsk. Vi må få skilt ved grenseovergangane som òg seier ”Noreg”. Offentlege bygningar må attspegle at vi har to offisielle språk. Gardermoen lufthamn må få både nynorsk, bokmål og samisk, dersom det skal vere ein hovudflyplass. Oslo-avisene må stoppe nynorskforbodet på redaksjonell plass. Her har vi forresten fått uventa støtte frå Inge Lønning som skriv i Aftenposten: ”Ingen arbeidsgiver har rett til lå pålegge noen en annen målform enn den vedkommende selv foretrekker.” Og apropos utspelet frå Syn og Segn-redaktørane: I Catalonia set dei sjølvsagt språkkrav i samband med pressestøtta.

2. Ei anna viktig utfordringa for målrørsla er å slåst i og med marknadskreftene. Staten vil styre mindre, og gir frå seg makt til marknaden. NSB og Posten er døme på det. Konsekvensane for målbruken ser vi i årsmeldinga. På grunn av omorganiseringa av statleg sektor er verkeområdet for Mållova uklår. Kulturmeldinga gav ikkje den klårgjeringa som Noregs Mållag forventa. Her skuffar regjeringa igjen, for det har ikkje stått på innspela.
Den råe marknadstenkinga kjem frå Konkurransetilsynet med framlegget om å oppheve bokprisavtalen. Det vil mellom anna føre til at ein ikkje lenger kan få lærebøker på nynorsk og bokmål til same pris. Ei kynisk språkundertrykking av nynorskbrukarane. Her er det igjen duka for omkamp.
No er marknadsmakt noko nynorsken kan utnytte, ikkje minst som reklamespråk. Microsoft såg faren for å tape terreng for Open Office. Men den nynorske marknadskrafta er ikkje sterk nok til at vi kan lite på den. Staten har eit ansvar, og Noregs Mållag må manøvrere i vanskeleg farvatn. Her treng vi strategisk nytenking.

3. Nasjonalstaten vert avnasjonalisert. Eitt moment er den EU-vennlege og anti-nasjonale Oslo-eliten som ser på nynorsk som irrelevant. Eit anna moment er utviklinga i skuleverket. Der Hernes var oppteken av innhald og nasjon, er Clemet oppteken av organisering og testing. I det marknadstilpassa universitetet kan ein t.d. shoppe kurs som gjer ein til norsklærar – utan norrønkunnskap eller dialektkunnskap. Og det er uklårt kva slags krav ein no set ved prøving i båe målformer ved lærarutdanningskursa. Her går det eit slag føre seg no.

4. Regionalisering er ei fjerde viktig utfordring, og vert drøfta i ei eiga innleiing av Håvard Teigen seinare i dag.

5. Globalisering vert ofte kopla til einsretting og engelskpåverknad. I mange tilfelle er det rett. Men ikkje alltid. Side Brok (som vi høyrde i dag) er døme på det eg vil kalle glokalisering. Eit globalt fenomen, hiphop, vert spreidd, men tilpassa den lokale kulturen, og er faktisk med på å styrkje lokalkulturen. Hiphop er truleg den viktigaste dialektrørsla i landet for tida. Såleis har målrørsla grunn til å sjå optimistisk på fleire sider ved globaliseringa. Vi ser òg at internasjonalt kontaktnettverk er med på å styrkje arbeidet for mindre brukte språk. Eit anna aspekt ved globaliseringa er innvandring. I Oslo har 28% av elevane norsk som andrespråk. I resten av landet er talet kring 7%. Også innvandrarar har krav på nynorsk.

6. Sentraliseringa gjer at folk flyttar til Oslo. No er det på tide at fleire statlege arbeidsplassar vert flytta ut av Oslo, og til nynorskområde. For Oslo-sentrismen er øydeleggjande. Eit ferskt døme frå privat sektor er barnebokklubben til Cappelen som insisterer på å gi ut den framifrå barnekokeboka frå Hornindal på bokmål. Verdt å nemne på verdas bokdag, då forlaga talar så fint om bok og demokrati.

7. Urbaniseringsprosessane er òg kulturelle ved at bygdeungdom i den nynorske randsona identifiserer seg meir med byen. For nynorsken er det viktig at nynorsk er noko som òg vert kopla til byen, det urbane.

8. Til slutt: informasjonsteknologi: Vi har fått nynorsk data, men nynorsk er pressa, ikkje av teknologien i seg sjølv, men pga. manglande vilje hjå staten til å føre ein jamstellingspolitikk. Nokre døme: I staten er der eit elektroniske arkivsystem der ein no er nøydd til å bruke bokmål, jamvel om ein er nynorskbrukarar. Staten bryt altså aktivt måljamstellinga, og pressar tilsette til å tenkje bokmål. Rådemidla finst, det som manglar er den politiske viljen til å bruke dei, t.d. ved å stille språkkrav ved innkjøpsavtalar om ny teknologi. Men det skjer ikkje utan at vi målfolk pressar på. Eit slikt press nyttar – det viser sigrane dei siste åra.
Det finst mange andre utfordringar, og eg har ikkje gløymt bokmåliseringa, som gjennomstrøymer dei mange strukturelle utfordringane våre. Felles for utfordringane er at vi manglar reell jamstelling. Nynorsken og nynorskbrukarane vert i dag systematisk diskriminerte av staten. Kulturmeldinga skriv at det trengst ei «positiv diskriminering» av nynorsken. Ja, det er sant, eit fyrste steg på vegen er å stopppe den negative diskrimineringa. Dette landsmøtet må seie klårt og tydeleg frå at nok er nok!

Organisatoriske utfordringa
Noregs Mållag kan ikkje gjere alt. Er det noko som kjenneteiknar nynorskrørsla det siste tiåret, er det framveksten av fleire institusjonar. Vi fekk Landssamanslutninga av nynorskkommunar i 1993, Nynorsk kultursentrum i 1993, Ivar Aasen-instituttet i 1994, samarbeidsorganet Nynorsk forum i 1997, Magasinett i 1997, Pirion i 2000. Det nyaste er Nynorsk mediesenter som opnar i september. Eg vil her gratulere Magni Øvrebotten med stillinga som mediedirektør, og håper eg at ho held fram den pågåande stilen.

Noregs Mållag si rolle er den kulturpolitiske og språkpolitiske pådrivaren. Vi samarbeider og delegerer der vi kan, men på viktige språkpolitiske spørsmål er det Noregs Mållag som har den breie politiske legitimiteten.

Noregs Mållag sprang ut av Noregs Ungdomslag. Der var lenge eit nært samband mellom dei to organisasjonane, mellom anna med felles skrivarstova. I dei seinare åra har sambandet nok vore mindre nært, men mange lokallagsaktivistar er aktive i båe organisasjonane. Hovudskilnaden er at Mållaget legg vekt på politikk for kultur og språk, medan Ungdomslaget legg vekt på kulturell aktivitet. Denne arbeidsfordelinga er fornuftig, men vi må passe på så avstanden ikkje vert for stor. Her er det grunnlag for tettare samarbeid i tida framover, ikkje minst på det barnekulturelle området.

Noregs Mållag er ei folkerørsle – demokratisk oppbygd, skal fungere aktiverande på alle plan. Folkerørslene vert utfordra av meir profesjonelle og medieaktivistiske institusjonar, der ein slepp å take omsyn til demokratiske handsamingsprosessar (det viser m.a. Makt- og demokratiutgreiinga). Noregs Mållag skal ha ein aktivistisk kjerne som reagerer fort på politiske utspel. Men vår legitimitet må heile tida vere basert på tillit i ein stor organisasjon.

På eit strategiseminar sa etnologen Connie Reksten Kapstad at yngre folk engasjerer seg gjerne i politiske saker, gjennom aktivitetar, men folk vil ikkje vere medlemer, og kjøpe full pakke med meiningar. Denne postmoderne individualismen er likevel ikkje nok i lengda, for målkampen treng eit sterkt Noregs Mållag. Vi treng fleire medlemer og fleire aktive medlemer. Difor føreslår styret ein storstilt vervekampanje. Vi treng fleire tillitsvalde - fleire fylkeslag står utan leiarar. Norgs Mållag hadde i desember i fjor ei prøving på det vi trur skal verte leiarutviklingskurs.
Ålesund er ei bokmålslomme midt i nynorsklandet. Når vi er samla nettopp her, er det fordi vi meiner at slik skal det ikkje vere. Ålesund er hovudstad på Sunnmøre og del av ein større nynorskregion, ja, kanskje òg ein vestlandsregion. God regionalpolitikk tilseier nynorsk for Ålesund. Det er no 34 år sidan vi sist hadde landsmøte i Ålesund. Når vi møtest her om nye 34 år er eg sikker på at nynorsken har fått ein solid plass.

Berre vent Ålesund, sjå kva som har skjedd med Florø!
Eg vil ynskje alle eit godt landsmøte!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no