Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Hilde K. Kvalvaag

 (23.04.2004)

Nynorsk barnelitteraturpris for 2003 går til ein debutant. Det er sjeldan generelle litteraturprisar går til debutantar, men det er også sjeldan at debutantar skriv så modent og stilsikkert som det Hilde K. Kvalvaag gjer i boka Hjarteklapp, heiter det i jurygrunngjevinga for Nynorsk barnelitteraturpris.

Prisen vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag i Ålesund fredag 23. april 04. Prisvinnar Hilde K. Kvalvaag var sjølv til stades for å ta imot prisen. Kvalvaag er 35 år og kjem frå Bergen.

Juryen skriv vidare: I Hjarteklapp møter lesaren Ingvild, tretten år. Ingvild har bilyd på hjartet, og difor trur ho at ho kanskje snart vil dø, slik litlesystera hennar gjorde allereie som baby. Ingvild filmar seg sjølv med digitalkamera, slik at foreldra skal ha eit minne om ho dersom dette skulle skje. Filminga fungerer som ein raud tråd i forteljinga, og den gir Ingvild høve til å reflektere over kven ho er og kven ho vil vere. Til tross for denne underliggjande tematikken er Hjarteklapp ei lett og underhaldande bok som skildrar dagleglivet til ein trettenåring heime, på bilferie og på skule med venninner og gutar. Forelsking og sjalusi overfor venninner er motiv som dei fleste vil kunne kjenne seg att i. På ein naturleg og liketil måte gir teksten eit bilete av samtida slik ho truleg kan sjå ut for ei jente på Ingvilds alder.

Kvalvaag har latt den tretten år gamle hovudpersonen sjølv vere forteljar i boka. Dette er ikkje eit uvanleg grep i barnelitteraturen, men det er eit krevjande grep. – Det er utfordrande for ein vaksen forfattar å gje ei truverdig framstilling av språket og refleksjonsnivået til eit så ungt menneske. Ennå vanskelegare er dette dersom ein i tillegg vil gje hovudpersonen ein viss psykologisk djupne, og dessutan halde oppe litterære kvalitetar i språket. Det er juryens meining at Kvalvaag har lukkast med dette.

Hjarteklapp har eit godt språk, eit oppdatert samtidsbilete, ein truverdig førstepersonsforteljar og interessante tematiske refleksjonar omkring identitet og familie. Kombinasjonen av desse litterære kvalitetane med juryens overtyding om at boka òg vil appellere til målgruppa, gjer Hjarteklapp til vinnar av Nynorsk Barnelitteraturpris 2003.

Jury for Nynorsk barnelitteraturpris 2003:
Trude Hoel
Idar Stegane
Anna Beate Storm-Larsen

Vil du ha kontakt med forfattaren:
Hilde K. Kvalvaag, 99 61 60 41 (m)

Vil du lese om kven som har fått prisen før Hilde K. Kvalvaag sjå på lista over <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9415/41240">Nynorsk barnelitteraturpris</a>.

Vil du lese meir om forfattaren? Sjå innom <a href="http://www.samlaget.no">Samlaget</a>.

Bilete av prisvinnaren er lagt ut her: <a href="http://www.nm.no//filer/Hilde%5FK%2E%5FKvalvaag%2EJPG">Bilete av Hilde K. Kvalvaag</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no