Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Innbyding til presselunsj

 (22.04.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 22.04.04. I samband med landsmøtet i Noregs Mållag bed mållaget til presselunsj torsdag 22. april klokka 13.00 på landsmøtehotellet Rica Parken Hotell i Ålesund.

Det er Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, og Nils T. Ulvund, kandidat til nestleiarvervet, som vil vere til stades på presselunsjen. Begge kjem frå Møre og Romsdal. Endre Brunstad er frå Sykkylven og Nils T. Ulvund frå Ålvundfjord på Nordmøre.

Utdanningsminister Kristin Clemet har kome med framlegg om å degradere statusen til sidemålet i skulen. Eit sentralt emne på landsmøtet vil difor vere kampen for sidemålet. Mållaget er også oppteke av å utfordre helseføretaka i regionen til å følgje mållova.

Vidare vil mållaget drøfte regionale strategiar for meir nynorsk. Det er eit særs aktuelt emne i brytningsbyen Ålesund.

Dessutan minner vi om:
Klokka 11 fredag 23. april er det Stormønstring for nynorsk! Då vert det gatekonsert for nynorsk og mot regjeringa sin nye sidemålspolitikk. Landsmøtet opnar klokka 13.00 fredag.

Sjå heile landsmøteprogrammet her:

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no