Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mangfald i Austmannalaget

 (21.04.2004)

Melding. 21.04.04. Austmannalaget, som er fylkeslag for mållaga i Hedmark og Oppland, heldt årsmøte på Vinstra laurdag 17. april 2004. Det møtte utsendingar frå heile åtte lokallag.

På møtet vart det orientert frå lokallaga om det allsidige arbeidet som dei gjer for å fremje nynorsk, dialekt og lokal kultur.

Dette gir seg uttrykk i bok- og kulturkveldar, teateroppsetting, innsamling og utgjeving av bøker om stadnamn og lokale ord og uttrykk, arbeid for nynorsk i offentleg administrasjon, media og kyrkja, og nynorsk som skulemål.

På møtet vart det også drøfta ulike gode idear for korleis ein kan auke aktiviteten i dette arbeidet i Oppland og Hedmark. Eit særleg aktuelt tema i drøftingane var nynorsk som sidemål.

Etter årsmøtet har Austmannalaget nå slikt styre:
Aud Slåen, Folldal
Sigrid Trøite Thøring, Lesja
Hans Agneberg, Skjåk
Tormod Stauri, Hamar
Sæbjørn Forberg, Skjåk
Varafolk: Solveig Elgvasslien, Folldal, Ola Grøsland, Vågå og Gunn Strømsøyen Hvamstad, Alvdal.

Ei gruppe på åtte elevar frå musikklina ved Vinstra vidaregåande skule underheldt møtelyden med god song og musikk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no