Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gatekonsert for nynorsk!

 (20.04.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 20.04.2004.
Fredag 23. april kl 11.00 skipar Noregs Mållag til gatekonsert med Side Brok på Rådhusplassen i Ålesund.
- Det blir ei stormønstring for nynorsken, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Det er i samband med Noregs Mållag sitt landsmøte i Ålesund 23.-25. april at dialektrapparane frå Hovdebygda skal gje gratis underhaldning til Sunnmøringane. Konserten markerer opninga av ein stor aksjon for sidemålet i skulen.

- Side Brok er berre eit av mange døme på det språklege mangfaldet i det norske kulturbiletet. Clemet sitt åtak på sidemålet er også eit åtak på ein språkpolitikk som støttar opp om dette mangfaldet, slår Endre Brunstad fast. Han skal også halde appell på mønstringa, i tillegg til leiaren i Sunnmøre Mållag, Marie Lovise Widnes.

- Kampen for sidemålet er ein av dei viktigaste kulturkampane i Noreg i dag. Nynorsken har eit enormt folkeleg engasjement på si side og dette engasjementet vil vi vise fram!


For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, telefon 926 60 175
Hans Andreas Starheim, aksjonsansvarleg, telefon 480 77 490

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no