Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endre Brunstad tek attval i Noregs Mållag

 (19.04.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 19.04.04. Noregs Mållag samlar seg til landsmøte i Ålesund frå fredag 23. april til søndag 25. april 2004. Eit sentralt emne vil vere kampen for sidemålet, etter at utdanningsminister Kristin Clemet har kome med framlegg om å degradere statusen til emnet.

Vidare vil mållaget debattere regionale strategiar for nynorsken. Det er eit særs aktuelt emne i brytningsbyen Ålesund.

Mållaget tek òg opp spørsmål om skulepolitikk og nynorsk i ein brei samanheng. Anders Folkestad vil innleie om emnet.

Med seg i det nye styret vil Endre Brunstad få med seg mellom anna nordmøringen Nils T. Ulvund frå Ålvundfjord, som er innstilt som ny nestleiar. Framlegg til ny styremedlem er Berit Rekve frå Oslo. Dei andre styremedlemane er: Elisabeth Bakke, Oslo, Anne Steinsvik Nordal, Volda, Karstein Bjørge, Sotra og Gudrun Kløve Juuhl frå Norsk Målungdom.

Varalista ser slik ut: Ragnar Lurås frå Skien (ny), Bodil Haug, Fagernes frå Valdres, Herleiv Haugland frå Hjelsa (ny) og Sæbjørn Forberg frå Skjåk (ny).

Klokka 11 fredag 23. april vert det stormønstring for nynorsk! Då vert det markering for nynorsk og mot regjeringa sin nye sidemålspolitikk. Landsmøtet opnar klokka 13.00.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 55 58 83 99 (a), 926 60 175 (m)

Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 57 86 53 60 (a), 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no