Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Svak sidemålsøknad frå bystyret i Oslo

 (15.04.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 15.04.04. Etter mykje usemje vedtok fleirtalet i bystyret i Oslo 14. april å søkje Læringssenteret om fritak for sidemål ved halvparten av dei vidaregåande skulane i Oslo.
- Søknadsvedtaket i bystyret er eit åtak på nynorsken og på kunnskapsskulen, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Han har inga tru på at Læringssenteret vil godta søknaden.

- Sidemålsvedtaket i Oslo bystyre inneber at ein vil fjerne den aktive nynorskopplæringa for halvparten av Oslo-elevane fødde i 1988 gjennom tre år, seier Endre Brunstad.
- Dermed får ikkje desse elevane den breie norskkompetansen som bokmål og nynorsk til saman gir. Men elevane får ikkje meir kunnskap i norsk ved å fjerne sidemålet, seier Endre Brunstad.
- Kvaliteten på norskfaget og skriveopplæringa vert ikkje betre ved at ein reduserer på innhaldet og krava.

Brunstad går såleis ut frå at Læringssenteret raskt vil avslå søknaden frå Oslo. Han minner her om kva Kristin Clemet sa under stortingsdebatten om sidemål 21. oktober 2003: «- Man kan altså ikke bare få unntak fra noe man synes er overflødig, men man kan få lov til å gjøre forsøk med noe for å se om man kan få til en bedre utvikling i faget.»

Det har sidan i fjor haust vore mykje offentleg engasjement for sidemålet. Tidlegare i år vart det på kort varsel samla inn 3000 underskrifter til fordel for sidemål i Oslo. Nøkkelpartiet i bystyret har vore Arbeidarpartiet.
- Det opplegget Oslo Arbeidarparti var med på no saman med Høgre, står ikkje i stil med dei gode intensjonane Oslo Arbeidarparti tidlegare har gitt uttrykk for i samband med sidemålet, påpeikar Endre Brunstad.

For meir informasjon, kontakt Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, telefon 926 60 175.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no