Kringkastingsprisen til Audhild!
(13.04.2004)
Melding. 15.04.04. Kringkastingsprisen for 2004 gjekk til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Prisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.
Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad, Delt stein, av kunstnaren Sveinung Iversen frå Voss.
I grunngjevinga framhevar juryen at Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har vore ein profilert nynorskbrukar sidan ho starta i NRK-Dagsnytt. Med sitt særeigne namn og markante røyst har ho i løpet av kort tid evna å verta ein kjend medieperson. Ho nyttar språket på ein medviten måte i nyheitsformidlinga og legg vekt på enkle og tydelege formuleringar. Med si trygge programleiing har ho vist at nynorsk høver like godt i sporten som i dagsnytt. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har også medverka til å styrka nynorskprofilen til Kanal 24, med namnet Nyheitspuls og reklame for programmet på nynorsk.
– Kringkastingsringen ønskjer å heidre deg fordi du er ein god ambassadør for nynorsken. Me er mange som spissar øyro når røysta di kjem på radioen. Med eit tydeleg språk og ei trygg framføring formidlar du nyheiter på ein framifrå måte. Du er ei særs populær radiorøyst, og det er mange som ynskjer at du skal få denne prisen. Ikkje mange nyheitsopplesarar har sitt eige huglaug (fanklubb), seier styreleiar Unn Aarrestad.
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, (fødd 1975) kjem frå Volda. Ho starta journalistgjerninga som praktikant i Sunnmørsposten då ho var 19 år. Seinare vart det ein kort visitt i Bergens Tidende før ho etter å ha studert ved Høgskulen i Volda, byrja i NRK i 1999. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart kjend for publikum då ho arbeidde som nyheitsopplesar i Dagsnytt, ho har også jobba som reporter i Her og Nå og programleiar i TV-sporten. I 2003 vart ho tilsett som redaksjonssjef i nyheitsavdelinga i Kanal24.
For meir informasjon: Unn Aarrestad, styreleiar i Kringkastingsringen, tlf. 975 62 035 Tormod Strømme, dagleg leiar, tlf. 924 18 416
Kringkastingsringen
|
|